Faktaboks

Karl Seglem
Fødd
8. juli 1961, Årdalstangen i Årdal, Vestland
Karl Seglem
Saksofonisten Karl Seglem er også en av Norges fremste bukkehornspillere.
Av /NTB Scanpix.

Karl Seglem er ein norsk jazzmusikar, saksofonist, bukkehornspiller og komponist. Han har òg spelt synthesizer og perkusjon. Musikken hans har innehalde alt frå lyriske lydlandskap til det meir ekspressive og improviserte, der han ofte bruker element frå norsk folkemusikk som basis for både improvisasjon og komposisjon. Musikken hans har òg hatt innslag av elektronisk musikk og verdsmusikk. Seglem er òg ein publisert poet.

Bakgrunn

Karl Seglem er fødd på Årdalstangen i Årdal i Sogn og Fjordane (no Vestland). Han fekk den første saksofonen sin då han var rundt 12 år gamal og spela i både korps og band. Hausten 1978 tok han til ved musikklinja ved Voss Folkehøgskule, der han trefte framtidige samarbeidspartnarar, mellom anna songaren og komponisten Kenneth Sivertsen.

Musikkarrieren

Spelestil

Saksofontonen til Seglem er varm og poetisk, prega av lange tonar og mjuke fraseringar. Frasane hans er henta frå norsk slåttemusikk snarare enn frå den amerikanske jazzhistoria, noko som gir eit umiskjenneleg særpreg til alle dei 26 platene han har gitt ut. Likevel skil han seg klart frå til dømes Jan Garbarek, mellom anna ved at Seglem sin musikk ofte legg vekt på dei pulserande slåtterytmane, ikkje berre dei gamle melodiane.

Seglem er òg av dei beste bukkehornspelarane i landet og bruker bukkehorn på fleire av platene sine og live. Han har fleire ulike horn, med spesiallaga munnstykke og fingerhol for å få variasjonsfridom frå dei opphavlege naturtonerekkjene.

Tidlege samarbeid

Seglem starta fleire band på Voss og vart med i Voss Storband. Våren 1980 reiste han på turné saman med Sivertsen. I 1982 kom han inn i storbandmiljøet rundt Knut Kristiansen i Bergen. Seglem spelte med fleire ulike grupper i Bergen frå 1983, mellom anna Ictus i perioden 1983 til 1985 og Growl frå 1984 til 1988.

I 1988 spelte han inn Poems for Trio med Kåre Thomsen og Ole Amund Gjersvik. I 1988 starta han Sogn-A-Song-prosjektet og fekk tingingsverk av Årdal kommune i 1990, der han trefte sambygdingen og spelemannen Håkon Høgemo. Seglem har òg samarbeidd med folk som Sigurd Hole, Berit Opheim og Christoph Stiefel.

Isglem og UTLA

Karl Seglem og perkusjonist og trommeslagar Terje Isungset starta duoen Isglem i 1987. Dei spela friimprovisert jazz med inspirasjon frå folkemusikk og world music og har, saman med Frode Gjerstad, fått pionerstempel i det norske frijazzmiljøet. Dei har gitt ut platene Rom (1991), To steg (1992), Null G (1996) og Fire (2003).

I trioen UTLA, med Isungset og Høgemo, arbeider Seglem med meir slåttemateriale og tradisjonelt klingande stoff. Likevel bryt saksofontonen hans alltid igjennom og gir musikken det spesielle uttrykket han er kjend for. Etter albumet UTLA (1992) har trioen gitt ut platene Juv (1993), Brodd (1995), Dans (1999) og Song (2003).

Soloplater

Den første soloplata hans var Poems For Trio (1988) og vart følgd av Sogn-a-Song (1991) og Rit (1994), begge utgitt på då nystarta NORCD. I 1998 gav han ut to plater: Struggle for life og Spir, den førstnemnde bygd på musikken til ein dokumentarfilm om villaksen til Norsk Villakssenter i Lærdal. På Nye Nord frå 2002 er både Odd Nordstoga og Unni Løvlid med som vokalistar og syng tekstar av Seglem og Jon Fosse.

Seinare har han gitt ut platene Femstein (2004), Reik (2005), Urbs (2008), Norskjazz.no (2009) og Skoddeheimen (2009). Norskjazz.no spela han inn saman med Eple Trio. Plata har mindre prega av folkemusikk enn det meste av Seglem sine tidlegare innspelingar, men den særeigne fraseringa og tonen hans er den same. Plata Skoddeheimen (2009) var inspirert av historia om Ola og Inger Anne Hunderi før og etter ho fekk diagnosen Alzheimers sjukdom.

Andre musikalske prosjekt

Seglem har gitt ut to plater saman med poeten og dramatikaren Jon Fosse. På den første, Prosa (1996), les Fosse eigne dikt, medan Seglem, trompetisten Arve Henriksen, Terje Isungset, Reidar Skår og Håkon Høgemo spelar attåt. På plata Dikt (2006) spelar Seglem åleine på saksofon og elektronikk, medan Fosse les.

Seglem har gitt ut éi plate med årdølen Reidar Skår, Tya, frå 1997. For denne plata fekk dei Edvard-prisen for 1998 i klassen «Populærmusikk – større verk».

NORCD

I 1991 starta Seglem plateselskapet NORCD. Til å begynne med var det mest Seglem sine eigne prosjekt som vart gitt ut der, men etter kvart har selskapet gitt ut om lag 60 plater med eit vidt spekter av artistar. Fleire band med utgangspunkt i jazzlinja ved NTNU i Trondheim har gitt ut plater der, til dømes Veslefrekk og Close Erase. Kenneth Sivertsen gav òg ut fleire plater på NORCD, og andre artistar og grupper er Berit Opheim, Arve Henriksen, Eplemøya Songlag og Gamalt Nymalt.

Poesi

Seglem debuterte litterært i 2006 med diktsamlinga Stilla er ein åker, gitt ut av Det Norske Samlaget, og har òg gitt ut diktsamlinga Kvit frekvens, stille spor på SKALD forlag i 2013.

Utmerkingar

Karl Seglem har fått ei rekkje utmerkingar og prisar for sitt virke, mellom anna Buddy-prisen frå Norsk Jazzforum i 2010. Han har vorte nominert til Spellemannprisen ei rekkje gonger, mellom anna forplatene Utla i 1992 og for Femstein i 2005.

Utvald diskografi

  • Poems for Trio med Kåre Thomsen og Ole Amund Gjersvi (1988)
  • Rom med Isglem (1991)
  • Utla med Håkon Høgemo (1992)
  • Sogn-Å-Song (1996)
  • Prosa med Jon Fosse (1996)
  • Daa med Terje Isungset og Arve Henriksen (2000)
  • Nye Nord (2002)
  • Femstein (2004)
  • New North (2004)
  • NORSKazz.no (2009)
  • Skoddeheimen med Lindha Kallerdahl, Andreas Ulvo og Sigurd Hole (2009)
  • NyeSongar.no (2013)
  • West Wind Drift med Sigurd Hole og Jonas Sjøvaag (2017)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg