Hopp til innhold
X
Innhald

Karl Seglem

Karl Seglem då han tok mot Buddyprisen. Foto: Norsk Jazzforum.

Karl Seglem då han tok mot Buddyprisen. Foto: Norsk Jazzforum.

Karl Seglem fødd 1961 på Årdalstangen. Musikar (saksofonist) og komponist, busett i Oslo.

Har sidan slutten av 1980-talet samarbeidd med hallingdølen Terje Isungset (trommer og perkusjonsinstrument) i gruppa «Utla». Seinare vart hardingfelespelaren Håkon Høgemo frå Årdal medlem av gruppa. Gruppa har turnert i fleire europeiske land, USA og Japan. Seglem har saman med «Utla» og saman med andre musikarar og songarar (m.a. årdølene Nils Einar Vinjor, Reidar Skår, Per Hillestad, og songarane Linda Øvrebø og Berit Opheim) gjeve ut ei rad musikkalbum.

Mellom desse er «Sogn-A-Song» 1991 med vokalist Linda Øvrebø, «Utla» 1992, «Juv» 1993, «Brodd» 1995 og «Spir» 1998 med vokalist Berit Opheim, «Struggle for life» 1996 (for Norsk Villakssenter, Lærdal) og «Prosa» 1996 saman med forfattaren Jon Fosse.

For albumet «Tya» 1996 saman med årdølen Reidar Skår fekk Karl Seglem Edvard-prisen 1998. Seinare gav han ut albuma "Femstein" og "URBS", i 2010 kom albumet "Ossicles" og i 2013 «NyeSongar.no».

Seglem gav i 2006 ut diktsamlinga ”Stilla er ein åker” (Samlaget), og i 2013 kom ei ny diktsamling, «Kvit frekvens, stille spor» (Skald forlag).

Tildelt Buddyprisen

I 2010 vart Karl Seglem tildelt Buddyprisen, som er den høgste utmerkinga innan norsk jazz.

I 2011 fekk han Folkelarmprisen (folkemusikken sin platepris) i open klasse for plata ”Ossicles”. I 2012 fekk han komponistprisen NOPAs musikkpris og Egil Storbekkens Musikkpris.

Nominert fire gonger til Spellemannsprisen

I 2012 var han årets tingingsverkskomponist på Vossa Jazz med komposisjonen ”Som spor”. I 2014 kom verket ut på CD med same tittelen. For denne plata vart han i 2014 for fjerde gong nominert til Spellemannsprisen, men heller ikkje denne gongen gjekk han heilt til topps.


Karl Seglem. Foto: Knut Falch, Scanpix

Karl Seglem. Foto: Knut Falch, Scanpix

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 29.01.2021