Hopp til innhold
X
Innhald

Kleiven Sogn AS

Kleiven Sogn held til i Teigen på Årdalstangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kleiven Sogn held til i Teigen på Årdalstangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kleiven Sogn AS på Årdalstangen er eitt av dei største entreprenørselskapa i Sogn og Fjordane.

Den Førde-baserte entreprenøren Endre Kleiven (1917-1997) frå Gaular etablerte avdeling i Årdal i 1956. I Årdal har Kleiven m.a. bygd Farnes kyrkje, samfunnshuset på Årdalstangen og Årdalshallen, og har også hatt store byggjeoppdrag for Årdal Verk.

Rådhusa i Luster og Lærdal er m.a. bygde av firmaet, som på det meste har hatt kring 60 tilsette. Kleiven Sogn hadde i 2001 40 tilsette, og har ei årsomsetning på 50-60 millionar kroner.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.11.2010