Hopp til innhold
X
Innhald

Klingenberg Hotel

Klingenbergs Hotel i 1955. Gamlehotellet stod om lag der verksporten er i dag. Foto: Aage W. Owe, eigar Årdal Sogelag.

Klingenbergs Hotel i 1955. Gamlehotellet stod om lag der verksporten er i dag. Foto: Aage W. Owe, eigar Årdal Sogelag.

Jens Klingenberg d.e. starta gjestgiveri og skysstasjon på Årdalstangen i 1860. Han vart kalla Store-Jens Klingenberg, og var m.a. mykje nytta som kjentmann for dei første fjellturistane.

Kjende gjester

Jens Klingenberg d.e. kjøpte og flytta eit to-etasjes tømmerhus som vart nytta som det første «hotellet». Klingenberg bygde også kai med sjøbu, der det var tingstove, stall og fjøs. Sonen Jens Klingenberg d.y. bygde i 1900 Klingenbergs Hotel i sveitsarstil like ved det gamle «hotellet».

Kjende gjester

Den kjende fjellklatraren William Cecil Slingsby var fast gjest hos Klingenberg frå 1874. Andre kjende gjester den første tida var reisebyråkongen Thomas Bennett og stiftaren av Den Norske Turistforening Thomas J. Heftye, polarhelten Fridtjof Nansen, komponisten Edvard Grieg og fysikaren Julius Røntgen.

Drifta fram til i dag

Klingenbergs Hotel har sidan vorte drive av slekta i fleire generasjonar fram til 1976, då Jan Lea frå Haugesund overtok. Namnet på hotellet vart endra til Klingenberg Hotel. Martin Ødegård som seinare kjøpte Hafstad Hotell leigde Klingenberg Hotel i nokre år til Erling Eggum kjøpte hotellet i 1985. Eggum har drive det sidan.

I 1960 vart bygget frå 1900 rive, og det vart bygt eit nytt hotell nokre hundre meter unna. Austfløyen vart bygd i 1974 med utviding i 1988, og påbygg mot fjorden i 2000. Klingenberg Hotel eig og driv også Sitla Hotell i Øvre Årdal.

Klingenberg Hotel i 2010. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Klingenberg Hotel i 2010. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.05.2011