Hopp til innhold
X
Innhald

Knipenborg Skyttarlag

Lagshuset til Knipenborg Skyttarlag på Loi. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lagshuset til Knipenborg Skyttarlag på Loi. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Knipenborg Skyttarlag vart skipa på Årdalstangen i 1900 av Ole T. Lægreid. Laget har namn etter eit fjell i nærleiken av Årdalstangen.

Skyttarlaget hadde først ei skytebane i Hola på Årdalstangen, men bygde seinare bane på Loi ved Årdalsvatnet. I 1950 fekk skyttarlaget økonomisk støtte til utbygging av skytebana. På Loi er det også bygt eit stort skyttarhus.

I 1960 tok John Kjellevold 14. plass på Landsskyttarstemnet, og han vart utteken til laget til Nordisk meisterskap i 1963. Same året tok han gullmerket i Nationens landsskyting. Han tok dugleiksmerket i gull heile 47 gonger.

Bjarne Sandvik var på kongelaget under landsskyttarstemna i 1986 og var med i finalen om Normapokalen i 1999. (Sjå elles Jotunheimen Skyttarlag, startår 1887).

Medlemer i Knipenborg Skyttarlag på skytebana ved Hola på Årdalstangen i 1916. Ukjend fotograf. Eigar: T. Tangen/Årdal Sogelag.

Medlemer i Knipenborg Skyttarlag på skytebana ved Hola på Årdalstangen i 1916. Ukjend fotograf. Eigar: T. Tangen/Årdal Sogelag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 02.02.2010