Hopp til innhold
X
Innhald

Kommunehistoria i Årdal

Rådhuset på Årdalstangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Rådhuset på Årdalstangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Årdal kommune vart eigen kommune i 1860, då den vart utskild frå Lærdal kommune. Første ordførar i Årdal var Endre Offerdal.

Årdalstangen tidleg på 1900-talet. Her vart kommuneadministrasjonen plassert i 1860, og slik er det 150 år seinare, sjølv om Øvre Årdal voks seg langt større enn kommunesenteret. Foto frå arkivet til Hydro Aluminium.

Årdalstangen tidleg på 1900-talet. Her vart kommuneadministrasjonen plassert i 1860, og slik er det 150 år seinare, sjølv om Øvre Årdal voks seg langt større enn kommunesenteret. Foto frå arkivet til Hydro Aluminium.

Årdal kommune vart eigen kommune i 1860 då den vart utskild frå Lærdal kommune. Etter den store industriutbygginga har det politiske livet i Årdal vore prega av at Arbeidarpartiet har hatt reint fleirtal i kommunestyret. Tre år etter at Årdal vart skild ut som eigen kommune, vart Årdal også eige prestegjeld.

Kommune-reguleringa i 1965

Årdal har heilt sidan 1860 hatt omlag dei same kommunegrensene - med eitt unntak: Ved kommunereguleringa i 1965 vart gardane Luggenes og Bermål på sørsida av Årdalsfjorden overført frå Årdal til Lærdal kommune. Luggenes hadde tidlegare vore ein plass under det store gardsbruket Indre Ofredal på nordsida av fjorden, og Bermål ein plass under Naddvik.

Politisk utvikling i Årdal

Årdal er kjend som Arbeidarparti-kommune nummer ein ved vala, med godt over 70 prosent av røystene. Sidan andre verdskrigen har partiet hatt reint fleirtal i kommunestyret.

Kommunal økonomi og samspel med verket

Sikre skatteinntekter frå verket og dei tilsette gjorde at Årdal i mange år hadde lagt større armslag økonomisk enn dei andre kommunane i Sogn og Fjordane.

Politisk leiing:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.04.2011