Hopp til innhold
X
Innhald

Kongens kopargruver

Gruvefjellet sett frå riksveg 53 mot Tyin. Det eine gruveområdet var i Blåberg om lag midt på biletet, det andre var oppe på toppen av fjellet, opp mot 1500 meter over havet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gruvefjellet sett frå riksveg 53 mot Tyin. Det eine gruveområdet var i Blåberg om lag midt på biletet, det andre var oppe på toppen av fjellet, opp mot 1500 meter over havet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den første malmen frå Grøndalsfjellet, eller Gruvefjellet, vart broten i 1702 av 15 øvde bergverksfolk som kom frå kopargruvene på Røros og Løkken. Fem år seinare var det 60 mann i arbeid i gruvene oppe i høgfjellet.

I 1708 overtok den dansk-norske kong Fredrik IV kopargruvene for 38.000 dalar. Kongen dreiv gruvene til 1731. Selskapet vart styrt frå København, med Jens Worm som lokal leiar og material-forvaltar.

I 1732 vart tyskarane Andreas Bolstorff og Georg Mattias Schmidt tilsette som hyttemeister og overstigar.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.04.2011