Kongevitjingar i Årdal kommune
Kong Haakon VII
vitja Årdal i 1949 i samband med eit arrangement ved verket.

Kong Harald blir orientert om produkta frå Årdal Metallverk av direktør Ove Bakke i 2002. Foto frå arkivet til Hydro Aluminium.
Kong Harald V
og dronning Sonja vitja i juni 2002 Årdal, der dei var med på markering av tusenårsstaden i kommunen, og vitja aluminiumsverket. På rundreisa i Sogn nytta dei kongeskipet «Norge», og vitja elles Aurland, Vik, Balestrand, Hyllestad og Gulen.

Tusenårsstaden framfor rådhuset på Årdalstangen. I bakgrunnen skulpturen Mor og barn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Kronprins Haakon
og kronprinsesse Mette-Marit vitja Årdal den 11. juni 2008 då dei opna den nye solcellefabrikken NorSun.

Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit i Årdal i juni 2008. I midten ordførar Arild Ingar Lægreid. Foto: Cosmin Cosma, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 02.05.2011