Hopp til innhold
X
Innhald

Konsesjonsstriden og Årdal

Øvre Årdal før kraftutbygginga kom i gang i 1910.

Øvre Årdal før kraftutbygginga kom i gang i 1910.

Det var lovverket («panikklovene») frå 1906 som kom til å skape store problem for tyskarane som ville sikre seg kontroll over kraftressursane i Årdal.

I denne tida opererte Henrik Spangelo som ein viktig mellommann: Med gode kontakter i si tidlegare heimbygd, fekk Spangelo kontroll over ei mengd eigedomar i Årdal som han seinare overlet til utbyggjarane. I 1907 var det Spangelo og Bruun som stod som formelle søkjarar for utbygging av Tya, sjølv om dei året før hadde handgjeve fallrettane til BASF-gruppa.

Nokre månader seinare dukka det opp ein ny søknad underteikna av eit par Oslo-advokatar. Men bak stod BASF, som freista å omgå dei norske lovhindringane med å skipe A/S Tyinfaldene. Dette selskapet skulle vere eit reint norsk selskap, skreiv dei. Det var berre aksjekapitalen som var tysk!

I søknaden vart det ikkje nemnt at BASF hadde gjort avtale om samarbeid med Norsk Hydro. Difor var det mange i Storting og regjering som meinte seg førde bak lyset då A/S Tyinfaldene fekk konsesjon i 1908: Norsk Hydro var i si tid tufta på utanlandsk kapital. No vart den utanlandske dominansen forsterka ved at Hydro gjekk i sameige med tysk storkapital om krafta i Årdal.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.04.2011