Hopp til innhold
X
Innhald

Koparverksbyen

Kart over området på Farnes der koparverket hadde smeltehytte og der arbeidarane budde. Kartet er teikna av von Schørt på 1700-talet.

Kart over området på Farnes der koparverket hadde smeltehytte og der arbeidarane budde. Kartet er teikna av von Schørt på 1700-talet.

På Farnes i Øvre Årdal vart det i 1709 bygd smeltehytte. På Farnes budde arbeidarar og funksjonærar, og den vesle «gruvebyen» talde med koner og born kring 200 personar.

Dei budde for det meste i usle jordhytter som stod på bygsla grunn frå Farnes-gardane. Direktørhuset vart kalla «Ambthaus». Også dei andre leiarane ved gruva fekk romslege hus. På det meste rådde verket over 70 ulike hus, m.a. eige bedehus og fengsel. Også på Tangen og ved gruvene på fjellet eigde verket hus.

Eigen domstol

Koparverket hadde eige rettsstell, og dei uheldige hamna i verket sitt fengsel eller i gapestokken. På skjenkestova kunne det gå hardt føre seg med slagsmål og knivbruk. Prostituerte kvinner kom rekande frå Bergen, og i 1720 kravde fire årdalskoner i eit brev til verksleiinga at dei viste bort dei tilreisande som skjenkte mennene fulle og forførte dei.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 08.04.2011