Hopp til innhold
X
Innhald

Køyrevegar i Årdal

Den gamle og den nye vegen mellom Årdal og Tyin. Gamlevegen vart opna i 1934 og går høgt oppe i den bratte fjellsida på vestsida av Moadalen. Vegen som vart opna i 1962 går nede i Moadalen på andre sida av Tya. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Veg til Utladalen

Veg frå Farnes i Øvre Årdal opp Utladalen vart bygd i 1883. Vegen vart m.a. brukt som skyssveg for turistar som ville sjå Vettisfossen.

Hjelle i Utladalen fekk veg i 1883. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dei første bruene

I 1905 vart det bygd hengebru over Hæreidselvi på Årdalstangen. I 1913 kom det bru over elva i Øvre Årdal.

Fardalsvegen  med smal veg og hårnålsvingar er i dag ein del av bomvegen Årdal-Turtagrø. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bomvegen Årdal-Turtagrø

Fardalsvegen i Øvre Årdal vart opna i 1921, og vart forlenga frå øvste garden Åbøle med bomvegen over til Turtagrø i Luster i 1970.

Frå gamlevegen mellom Øvre Årdal og Tyin. Vi ser nordover mot Vest-Jotunheimen med Austanbottstindane (2202 meter over havet) og Store Ringstind  (2124 meter over havet) som dei mest markerte fjelltoppane midt i biletet. Foto: Steinar Ørbeck Stølen.

Vegsambandet Årdal-Tyin

Vegen Øvre Årdal - Valdres over Heirsnosi vart opna i 1934.

Bilane til verket har sidan 1947 stått for mykje av trafikken mellom Øvre Årdal og Årdalstangen. Desse sjåførane og bilane deira la bak seg tusenvis av mil på strekninga. Her står Alfred Øyre og Martin Olsen mellom ein gamal Klöckner frå krigstida og ein ny Mercedes i 1957. Foto: Verksposten. Eigar: Årdal Sogelag.

Øvre Årdal fekk veg til fjorden

Vegen Årdalstangen - Øvre Årdal vart opna i 1942.

Frå vegen mellom Årdalstangen og Øvre Årdal ved Bremborg med Eldegardsfossen som blikkfang. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vegane på nordsida av Årdalsfjorden

Bygdevegen frå sjøen og opp Indre Ofredal vart bygd som eit sysselsettingsprosjekt i åra frå 1935 til 1939.

Folkevegen – eit dugnadsprosjekt av dei sjeldne

Vegen frå Hjelle til Vetti gjennom Utladalen vart opna i 1977. Vegen vart bygd på dugnad, og vert difor kalla «Folkevegen».

Vegen Årdalstangen-Fodnes

Vegen Årdalstangen-Naddvik vart opna i 1982, m.a. med Finsåstunnelen (2412 meter) og Kolnostunnelen (658 meter).

Vegen frå Årdalstangen til Naddvik vart opna i 1982. Først 11 år seinare kunne årdølene køyre vidare til Fodnes. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les meir om samferdsle i Årdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 28.04.2011