Hopp til innhold
X
Innhald

Kraft frå Vikfalli og Årøy

Auka produksjon i Årdal kravde stadig meir kraft. Her er eit spesialkøyrety, ein skorpebrytar, i arbeid i ein av hallane.

Auka produksjon i Årdal kravde stadig meir kraft. Her er eit spesialkøyrety, ein skorpebrytar, i arbeid i ein av hallane.

Midt på 1960-talet starta Sognekraft og Statskraftverka utbyggjing på Vikafjellet - Vikfalli. ÅSV gjorde avtale om kjøp av kraft frå Vikfalli, og krafta vart send til Årdal m.a. over det nye fjordspennet frå Fresvikåsen til Fatlaberget aust for Hermansverk. Då Sognekraft bygde ut Årøyvassdraget ved Sogndal i 1983, vart det gjort liknande salsavtale med ÅSV.

Ved utbyggjing av Statskraftverka sine anlegg i Leirdøla og Jostedalsvassdraget i Luster på 1970- og 1980-talet vart behovet for kraft til den lokale storindustrien brukt som argument for utbyggjing, men her vart det ikkje gjort konkrete leveringsavtaler slik som for Vikfalli og Årøy.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.04.2011