Hopp til innhold
X
Innhald

Kraftutbygginga omsider i gang

Då kraftutbygginga kom i gang i 1910 gav det kjærkome arbeid til mange årdøler. Her er eit arbeidslag på toppen av Heirsnosi - også kalla Tusenmeteren. Dei frakta stein på ei såkalla balansetralle som gjekk i ei enkel renne.  Ukjend fotograf. Eigar: Årdal Sogelag.  .

Utbygging av kraftanlegga starta i 1910 og gjekk i rykk og napp heilt fram til slutten av 1930-talet.

Strenge konsesjonsvilkår - men mild praksis

Den norske staten vedtok svært strenge konsesjonslover, men i praksis vart det litt annleis.

Byplanar og jobbetid

Den første anleggstida var prega av optimisme og jobbetid: Kommunen planla for ein by på 4000-5000 menneske.

Den gamle kraftstasjonen i Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den gamle kraftstasjonen i Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Arbeidarlag og streik

Øvre Årdal Arbeidsmannsforening vart skipa i 1916 etter initiativ frå ein anleggsbus frå Røros, Peder Jakobsen, og i 1918 vart det storstreik.

Årdal vert salderingspost i Hydro

Hydro prioriterte utbyggjing av dei store fabrikkanlegga i Telemark, og hadde diffuse planar om kva krafta frå Tyin skulle brukast til.

Lastebilar med granittblokker til demninga på Sletterust. Her har bilane stansa på toppen av Heirsnosi etter den tunge stigninga 1000 meter opp frå Øvre Årdal. Ukjend fotograf. Eigar: Årdal Sogelag.

Lastebilar med granittblokker til demninga på Sletterust. Her har bilane stansa på toppen av Heirsnosi etter den tunge stigninga 1000 meter opp frå Øvre Årdal. Ukjend fotograf. Eigar: Årdal Sogelag.

Tilbakegang og krakk

Hydro disponerte rundt første verdskrigen langt meir vasskraft enn dei kunne bruke. Dei vurderte å selje Tyin i 1924, men let det vere.

Naudsarbeid

Ingen bygder i Sogn og Fjordane fekk merke «dei harde trettiåra» hardare enn Årdal, med massearbeidsløyse og kommunal armod. I 1935 var det 120 arbeidslause i bygda.

På leiting ut av krisa

Hydro freista å få til eit samarbeid med Norsk Aluminium CO - NACO og deira eigar Alcan.

Tyin-krafta ut av Årdal?

Heilt frå 1936 forsøkte Hydro å selje Tyin-anlegget til hovudstaden til reine dumpingprisar, men Oslo Lysverket valde å byggje ut sine eigne kraftverk i Hallingdal.

Demninga på Sletterust. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Demninga på Sletterust. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 02.05.2011