Hopp til innhold
X
Innhald

Krav om aksjeselskap

I København beit kongen på tullpratet til von Schört og satsa nye pengar på det fallerte koparverket. Men då det hadde gått over to år utan at noko under hende, stoppa kongen pengestraumen, og den ødsle von Schört var nærmast sett under administrasjon av dei andre leiarane.

Frå 1717 og utover minka produksjonen, og verket opparbeidde stor gjeld. Dei underordna leiarane med Worm i spissen gjekk hardt på for å få kongen til å pakte bort eller selje koparverket. Kongen gjekk til slutt med å skipe om verket til eit slags aksjeselskap med 300 partar, og kongen skulle yte driftstilskot inntil det nye selskapet kunne ta over.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.11.2008