Hopp til innhold
X
Innhald

Kremmarar og gjestgjevarar på Årdalstangen

Årdalstangen ca. 1890. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Årdalstangen ca. 1890. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Det var folk frå dei store og rike slektene i indre Sogn som dreiv handel på Årdalstangen på 1600- og 1700-talet. Slektsnamn som Nagel, Døsen, Ørbech, Teiste, Svabo og Lem går att.

Den første kremmaren i Årdal var Dominikus Berntsen Nagel frå Ytre Kroken i Luster. Han fekk kring 1670 privilegium til å drive handel og gjestgiveri på Tangen. Nagel kom frå ei velståande slekt med greiner både i Sogn og Sunnfjord (sjå m.a. Svanøy-godset), og var dessutan gift inn i den rike Døsenslekta i Luster. Nagel dreiv både handel og gjestgiveri den første tida på Tangen. Nagel satsa etterkvart berre på handelsverksemda, og ei kvinne som går under namnet «Margrethe, salig Hans Munch» tok over som gjestgjevar. I 1717 fekk Peder Jørgensen Backe gjestgjevarløyve, men fekk hard konkurranse frå andre som dreiv svart med brennevinsskjenking.

Nagel fekk konkurranse

Handelsmannen Dominikus Nagel fekk også hard konkurranse frå årdølen Bjørn Berntsson Hæreid som med borgarbrev frå Bergen kunne handle kvar han ville – m. a. med folk i heimbygda. Nagel mislikte dette, men kunne lite gjere. Då Dominikus døydde i 1704 dreiv enkja Maren Ørbech handelen vidare. Ho kom frå den velståande Ørbech-familien i Naddvik på sørsida av Årdalsfjorden. Maren sette systersonen Dominikus Ørbech Nattvik til å styre handelen på Tangen. Både ho og mannen gav m.a. fleire gåver til kyrkja i Årdal.

Heller jordeigar enn kremmar

Etter Nagel og Ørbech var det Zakarias Davidsson Svabo sin tur. Han var trønder, oppvaksen i Bergen, og styrde ei tid Kaupangergodset før han slo seg til som kremmar på Årdalstangen. Svabo var gift med Maren Teiste frå storgarden Kroken i Luster. Slekta hennar hadde rådd over det meste av jordegodset i Hafslo og Luster, men måtte gå ifrå det. Kremmaren Svabo greidde å kjøpe tilbake både Indre- og Ytre Kroken og storgarden Fet på Hafslo, og i 1760 selde han handelen sin i Årdal og flytta til Kroken.

Lem-slekta kom til Årdal

I 1759 tok Stevelin Sørensson Lem over som handelsmann i Årdal. Lem-slekta frå Skåne slo seg opp som store jordeigarar i Sogn, m.a. på Frønningen (sjå Lærdal kommune). I 1763 fekk Stevelin Lem gjestgjevarløyve. Etter ti år som handelsmann måtte Lem gje seg, og handelsstaden var ei tid eigd av bergenskjøpmenn som sette Albert Schriver Kramer til styrar i Årdal. I 1776 kjøpte Kramer husa og overtok handelsretten sjølv. Han kjøpte også den verdfulle skogeigedomen Indre Ofredal, men selde både den og handelen i 1791 og flytta til Gulen. Kramer selde til svigerson til Stevelin Lem, Hans Andersson Tangen. Men etter at Hans Tangen døydde i 1817 vart handelen nedlagd, og Årdal vart utan eigen handelsmann i 30 år.

Dahlbui på slutten av 1950-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Årdal Sogelag.

Dahlbui på slutten av 1950-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Årdal Sogelag.

Dahlbui og Dahls Hotell

Først då sogndølen Nils Qvam tok over eigedomane i 1856, kom handelen i gang att. Qvam vart ekspeditør då Fylkesbaatane starta rute til Årdal i 1869, og han bygde kai i 1871. Qvam-folket overlét verksemda i Årdal til Sjur Årebru i 1897, som overlét eigedomane til sonen Jakob Dahl i 1909. Dahl starta også Dahls Hotell. Dette heldt til i det såkalla "Tangenhuset". Handelen dreiv Dahl i det som på folkemunne vart kalla Dahlbui. Jakob Dahl døydde i 1954, og dottersonen Jakob Dahl Askeland tok over handelen. Det gamle "Tangenhuset" frå ca. 1840 vart rive like etter 2. verdskrig. Dahl Askeland bygde ny butikk rundt 1960. Han dreiv til rundt 1990. No held storkiosken Mix Handleriet Årdalstangen til i dei tidlegare butikklokala.

Forretningsbygget Jakob Dahl Askeland reiste blir framleis kalla Dahlhjørnet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Forretningsbygget Jakob Dahl Askeland reiste blir framleis kalla Dahlhjørnet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Då "Ørnen" sokk

Arnfinn Hamre frå Leikanger kom til Årdal som butikkdreng hos Sjur Årebru men starta i 1890 eigen butikk på Årdalstangen. Han handla smør, ost, kjøt og andre landbruksprodukt frå bøndene. Ein haust sende han ei stor last jordbruksvarer med dampskipet "Ørnen". Overtruiske folk reagerte på at Arnfinn sende 13 kolli av kvart vareslag. Med så mange 13-tal om bord kunne det gå ille, ottast dei. Og slik gjekk det: I Lærdalsfjorden gjekk "Ørnen" rett i fjellveggen og sokk.

Lærdalsmat - Sognefjord Gourmet held i dag til i forretningsbygget til A. Hamres Eftf. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lærdalsmat - Sognefjord Gourmet held i dag til i forretningsbygget til A. Hamres Eftf. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

A. Hamres Eftf.

Handelsmann Hamre heldt på å gå konkurs etter forliset og tapet av varene. Då grunnleggjaren døydde i 1925 dreiv enkja Olina Hamre forretninga vidare under firmanamn A. Hamres Eftf. I 1941 tok Leidulf Øren over. Forretninga var ei av dei store på Årdalstangen i utbyggingsåra etter krigen.

Vivo, Spar, KIWI og Lærdalsmat

I 1967 overtok Leif Øren A. Hamres Eftf. og dreiv den til 1975 då valdrisen Jan Kverndal tok over og dreiv daglegvarehandelen i om lag eitt år. Trønderen Arne Arvik Vågø, som var svogeren til Kverdal, tok då over og dreiv fram til 1995. I desse åra veksla butikknamnet frå Vivo til Mathuset og Spar fram til butikken kom med i KIWI-kjeda i 1997. Lærdalsmat Sognefjord Gourmet AS - sjå Lærdalsmat A/S - hadde drive produksjon og sal i kjellaren i forretningsbygget sidan 1993, og då Kiwi-butikken flytta over i nybygg på Årdalstangen i 2005, tok Lærdalsmat Sognefjord Gourmet AS over butikklokala i første etasje.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.03.2010