Hopp til innhold
X
Innhald

Krigsfangar tek over

Ein del av krigsfangane som vart skyssa til Årdal for å byggje aluminiumverk for tyskarane budde i brakker i Saltviki. Her er 127 fangar, dei fleste frå Ukraina, Kviterussland og Russland,  fotograferte på ein gong i trappa framfor brakkene. Den yngste av dei var 13 år då han kom til Årdal.  I alt var det om lag 1500 fangar frå Sovjet i Årdal. Trappa finst framleis. Ukjend fotograf. Eigar: I. O. Ponomarenko/Årdal Sogelag.

Hermann Göring sin draum om ferdig aluminiumverk i 1942 fall ettertrykkeleg i grus. Etter eitt års drift sparka han Nordag-direktør Koppenberg. Alt anleggsarbeid i Årdal vart stansa tvert sommaren og hausten 1942.

Austeuropeiske og franske krigsfangar

Eit nytt firma kom inn og omorganiserte drifta. Den faste arbeidsstyrken vart redusert til 720 mann. Russiske og franske krigsfangar vart sett inn til erstatning for dei som måtte slutte. I 1943 var det 1200 austeuropeiske og 646 franske krigsfangar i arbeid i Årdal.

Men krigsfangane var naturleg nok lite effektive og pålitande arbeidarar. Mange fangar rømde, og det gjorde ikkje situasjonen betre at norske arbeidarar det siste krigsåret stakk av frå Årdal. Etter sommarferien 1944 var det 150 nordmenn som ikkje vende tilbake.

Mykje pengar til inga nytte

Då den tyske rustningsministeren Albert Speer såg kva veg krigslukka vende, gav han stoppordre for Nordag-prosjektet i Årdal. Okkupantane hadde då lagt att den svimlande summen 265 millionar kroner mellom Årdalsfjella til inga nytte. Omrekna til kroneverdien i 2001, tilsvarar dette kring 2,5 milliardar kroner.

Ei av brakkene som husa krigsfangar i Saltviki på Årdalstangen er teken vare på og er i dag lagshus for Årdal Sogelag. Foto: Egil Jørgen Lund.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 18.04.2011