Hopp til innhold
X
Innhald

Krigshistoria i Årdal

Tyske soldatar på toppen av Heirsnosi under andre verdskrigen.

Tyske soldatar på toppen av Heirsnosi under andre verdskrigen.

Den viktigaste delen av krigshistoria finn du under industrihistoria: «Tyskarane satsar på Årdal».

Engelske soldatar i Årdal 1940

Ved krigsutbrotet i aprildagane i 1940 var det fleire grupper engelske soldatar som tok seg over til Årdal etter å ha teke del i kampane mot tyskarane i Gudbrandsdalen. Den første gruppa på ni hadde teke inn på hotellet og vart tekne til fange av tyskarane.

Dei engelske soldatane kom ned Moadalen til Moa i Øvre Årdal. Der vart dei møtt av Arne Eldegard, som losa dei over til Utladalen i bakgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dei engelske soldatane kom ned Moadalen til Moa i Øvre Årdal. Der vart dei møtt av Arne Eldegard, som losa dei over til Utladalen i bakgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den andre gruppa vart innlosjert hos bønder i Utladalen. Derifrå vart dei av norske kjentmenn losa i to grupper via Luster, over Jostedalsbreen og til Florø og Ålesunds-kanten, der dei vart henta av allierte skip over Nordsjøen.

Werkschutz

Då tyskarane starta utbygginga av aluminiumverket i 1941, vart det skipa ein eigen militær vaktstyrke som skulle stå for sikringa og den politimessige kontrollen med aktiviteten i Årdal. Seinare vart denne militære avdelinga avløyst av ei avdeling som sorterte under SIPO (det tyske «sikringspolitiet»). Vaktstyrken vart kalla Werkschutz, og hadde også ansvaret for vakthald kring dei utanlandske krigsfangane som etter kvart tok over mykje av anleggsarbeidet. Både nordmenn og tyske Sicherheitspolizei deltok i Werkschutz. Den seinare så frykta Gestaposjefen i Sogn og Fjordane, Helmut Klötzer, var ei tid i teneste ved Werkschutz (sjå Gestapo i Sogn og Fjordane).

Vikadøler med radio under krigen.

Vikadøler med radio under krigen.

Nazistar i Årdal

Nest etter kommunane Vik og Høyanger, hadde Årdal det tredje høgste talet registrerte medlemer av Nasjonal Samling under andre verdskrig. Ein stor del av medlemene i bygda var tilreisande i samband med Nordag-anlegget.

Då tyskarane fann ut at dei ville byggje aluminiumverk i Årdal var det første dei gjorde å lage til ein provisorisk kai i Saltviki på Årdalstangen. Dette er det første skipet med byggjemateriale til anlegget. Det var på same staden ”Palmyra” låg i 1945 då allierte fly gjekk til åtak. Foto: Nordag. Eigar: Årdal Sogelag.

Bombeåtak på Årdalstangen

Den 4. april 1945 vart lasteskipet D/D ”Palmyra” bomba av allierte fly medan det 3000 tonn store skipet låg ved kai i Saltviki på Årdalstangen. Rykta ville ha det til at ”Palmyra” hadde ei last med tungtvatn om bord. Antiluftskyts svara på åtaket. Ein flygar vart hardt skadd, men greidde å ta flyet tilbake til Shetland. Skipet fekk berre mindre skadar og gjekk frå Årdal for eigen maskin.

Krigsfangar blir frakta på lekter på Årdalsvatnet.

Krigsfangar blir frakta på lekter på Årdalsvatnet.

Tyskarbrakkene

Staten tok over Nordag-anlegga og starta utbygginga av aluminiumverket i Årdal like etter krigen. For å skaffe nok husvære, vart mange tilreisande arbeidsfolk og familiane deira innlosjerte i brakkene som stod att etter krigstida. Fleire av tyskarbrakkene var i bruk som bustader langt ut på 1960-talet. Ein del brakker vart også nytta til forsamlingshus og offentlege kontor.

Forsamlingshuset Folkets Hus på Årdalstangen var ei tidlegare tyskarbrakke og gjorde nytte i mange år etter krigen. Dette biletet er frå 1. mai 1959. Foto: Verksposten. © Årdal Sogelag.

Forsamlingshuset Folkets Hus på Årdalstangen var ei tidlegare tyskarbrakke og gjorde nytte i mange år etter krigen. Dette biletet er frå 1. mai 1959. Foto: Verksposten. © Årdal Sogelag.

Falne og omkomne frå Årdal

Folk frå Årdal i tysk fangenskap

På kyrkjegarden på Årdalstangen er det eit gravmonument for austeuropeiske krigsfangar som døydde i Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På kyrkjegarden på Årdalstangen er det eit gravmonument for austeuropeiske krigsfangar som døydde i Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 02.05.2011