Hopp til innhold
X
Innhald

Kultur og organisasjonsliv i Årdal

To store bygningar som stod att etter den tyske okkupasjonsmakta tente som forsamlingshus på Årdalstangen og i Øvre Årdal i fleire år etter krigen. Her er festkledde tangingar samla utanfor Folkets Hus på Årdalstangen 1. mai 1959. Foto: Verksposten. © Årdal Sogelag.

Dei første utbyggjarane i Årdal, A/S Tyinfaldene (eigd av Norsk Hydro), kjende få plikter til å hjelpe organisasjonar og kulturliv i bygda. Slik skil mellomkrigstida seg sterkt frå den aktiviteten som NACO viste i Høyanger.

Einaste kjende tiltaka som Hydro hjelpte til med, var skiping av folkeboksamlinga på Farnes i Øvre Årdal, utsmykking i kyrkja og litt tilskot til ungdomshusa på Farnes og Tangen. Svært mykje av det som er skapt av kulturtilbod og fritidsaktivitetar i Årdal etter 2. verdskrig spring ut frå initiativ i fagforeiningane ved verket.

Dette gjeld både idrettsanlegg, forsamlingshus og lagsaktivitetar. I motsetnad til «Tyinfall-tida», var ÅSV ein stor bidragsytar til bygningar og kulturliv i Årdal.

Speiarar i 17. mai-toget på Årdalstangen i 1953. Foto: Verksposten. © Årdal Sogelag.

Speiarar i 17. mai-toget på Årdalstangen i 1953. Foto: Verksposten. © Årdal Sogelag.

Lag og organisasjonar i Årdal

Eit utval av det rike organisasjonslivet i Årdal.

Idrett i Årdal

Fotball har i dei fleste etterkrigsåra vore idrett nummer ein i Årdal, men også innan friidrett, handball og symjing har årdøler gjort det skarpt.

Samfunnshuset i Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Samfunnshuset i Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Idrettsanlegg og kulturbygg

Samanlikna med dei andre kommunane i Sogn og Fjordane har Årdal vore godt forspent med idrettsanlegg og forsamlingshus.

Sterk dugnadsånd

Då det moderne Årdal vart bygd opp frå 1947 og utover var det vanleg at hus vart bygde på dugnad, seinare vart dugnadsånda m.a. brukt på Folkevegen til Vetti og store musikkprosjekt.

Musikarane frå Årdal

Årdølene var tidleg ute med å ta opp moderne musikk, og gruppa Lava, jazzmusikaren Karl Seglem og folkemusikaren Håkon Høgemo vart artistar på norsk toppnivå.

The Gerhots er kanskje ikkje den mest kjende gruppa frå Årdal, men desse fire karane var pionérar i det som etter kvart vart eit svært aktivt og godt rockemiljø. Biletet er teke i 1963. Frå venstre Edvard Borlaug, Einar Grønnevik, Arnulf Grane og Torbjørn Grane. Ukjend fotograf. Eigar: Torbjørn Grane/Årdal Sogelag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 29.04.2011