Hopp til innhold
X
Innhald

Kvitingssagi

Kvitingsmorki på sørsida av Årdalsfjorden er no landskapsvernområde. Skogen på Kvitingsmorki vart rekna som så verdfull at det alt på 1600-talet vart reist ei oppgangssag der. Det var dei velståande eigarane av garden Naddvik som eigde skogen og saga som vart kalla Kvitingssagi.

I 1674 fekk Anders Søfrensson løyve til å drive Kvitingsagi. I 1701 var det to sagmeistrar og tre andre menn i arbeid på saga - eller truleg var det to sager i Kvitingsmorki på den tida. I 1761 var den velståande Dominicus Ørbech i Naddvik eigar av saga.

I 1795 selde Dominikus Ørbech skogen både på Kvitingsmorki og i Kvitingsdalen (Sagadalen) til Melchior Falch for 2000 riksdalar. Sjølv sat Ørbech likevel att med mange skogteigar heilt frå Luggenes og innover i Vikadalen.

Melchior Falch dreiv skogen godt og hadde fleire arbeidslag sysselsette på sagverka. Mesteparten av tømmeret vart køyrt heim med hest, men noko vart fløytt i elva.

I 1882 vart det installert ni blad i oppgangssaga, men ein flaum gjorde stor skade på det nye anlegget. I 1916 flytta Olav Bjørkum ei av sagene frå Kvitingssagi til Naddvik. Stavasaga som stod att, var i drift heilt fram til den vart øydelagd av ein flaum i 1934.


Sist oppdatert: 03.02.2010