Hopp til innhold
X
Innhald

Lag og organisasjonar i Årdal

Tangen Arbeiderkor fotografert i Folkets Hus i 1956. Første rad frå venstre: Ukjend, Karen M. Bruhaug, Lovise Bergstrøm, Ida Johannessen, Signe Rørvik, Harry Johannessen, Berta Lægreid, Marta Offerdal, Berit Fortun, Bergljot Forren og Kirsten Lægreid. Andre rad: Helvig Thune, Kirsten Sortland, Sigrid Handegård, Gerda Lægreid, Sonja Lægreid, Birgit Vatle, Ukjend, Astrid Skjevdal, Eli Johannessen, Kristina Natvik og Marie Nesse.  Tredje rad: Erling Nesse, Alf Prestegård, Ivar Tryti, Anders Tryti, Sverre Johannessen, Willy Bergstrøm, Jon Flom, Walter Endresen, Alfred Grønnevik, Ingvald Hatlevoll og Ole J. Lægreid.  Fjerde rad: Svein Lægreid, Nils Heggestad, Harald T. Lægreid, Ola Fodnes, Per Sandnes, Harald Fodnes, Knut Skjevdal, Vemund Morland, Jon Lægreid, Ole Tangen, Olaf Hunshammer, Anton Grønnevik, Gunnar Lyslo og Odd Tollefsen.  Ukjend fotograf. Eigar: Arild Bergstrøm/Årdal Sogelag.

Her er eit utval av dei mange laga og organisasjonane i Årdal kommune:

Fana til Vikadalen Ungdomslag. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fana til Vikadalen Ungdomslag. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vikadalen Ungdomslag

i Naddvik vart skipa i 1893. Laget bygde ungdomshus i Naddvik i 1914.

Tangen kristelege ungdomslag

vart skipa i 1893, men laget var i drift berre nokre få år.

Farnes Ungdomslag

i Øvre Årdal var skipa i 1890-1891 og innmeldt i Noregs Ungdomslag nokre år seinare, i 1896.

Farnes Musikklag

– sjå Farnes Ungdomslag.

Ungdomshuset i Seimsdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ungdomshuset i Seimsdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Seimsdal Ungdomslag

vart skipa i 1897.

Tangen Ungdomslag

på Årdalstangen vart skipa i 1903. Laget bygde ungdomshus på Haugane (Tippen) tidleg på 1920-talet.

På dette biletet frå 1942 ser vi ungdomshuset på Årdalstangen. Huset vart rive på 1990-talet. Foto: Nordag. Frå arkivet til Hydro Aluminium.

På dette biletet frå 1942 ser vi ungdomshuset på Årdalstangen. Huset vart rive på 1990-talet. Foto: Nordag. Frå arkivet til Hydro Aluminium.

Utladalen Kinamisjon

er det eldste misjonslaget, skipa i 1913.

Øvre Årdal Arbeiderforening

vart skipa 1916 av Peder Jakobsen frå Røros.

Nedre Årdal Helselag

vart skipa i 1932 av Thomas Hæreid. – Les elles under Helsestell i Årdal om laget sin innsats for å få bygt landets første helsetun på Årdalstangen i 1955.

Øvre Årdal Helselag

vart skipa i 1932. – Les elles under Helsestell i Årdal om laget sin innsats får å få bygt helsehuset i Øvre Årdal.

Farnes Mannskor

vart skipa i 1934 som avdeling av Farnes Ungdomslag. Mannskoret sette i mange år opp populære revyar. Sjå og Farnes Ungdomslag.

Farnes Mannskor på ei songarstemne på 1950-talet. Fremst står dirigenten, Ottar Seim. I rekkja bak han ser vi frå venstre Kåre Hæreid, Bartolv Vetti, Oddvar Haug og Torleiv Hestetun.  Andre rekkja: Knut Husum, Ingvard Eldegard, Arne Eldegard, Sjur Vang, Ragnvald Øren, Ragnar Brakestad, Anders Fredheim, Olav Seim og Arne Stølen. Bakerst: Olav Midtun, Olav Norheim, Håkon Hestetun, Tormod Vetti og Kåre Hestetun. Eigar av foto: Steinar Ørbeck Stølen/Årdal Sogelag.

Norges Automobilforbund

avdeling Årdal vart skipa 1935, og har etter folketalet vore ei den største NAF-avdelinga i landet.

AUF-lag

vart skipa i 1946.

Fagforeningens Musikklag ved Tangen skule ein regnvåt 17. mai 1963. Foto: Verksposten.  Eigar: Årdal Sogelag.

Fagforeningens Musikklag ved Tangen skule ein regnvåt 17. mai 1963. Foto: Verksposten. Eigar: Årdal Sogelag.

Fagforeningenes Musikklag

på Årdalstangen vart skipa i 1946. I 1975 endra korpset namn til Årdalstangen Ungdomskorps.

Årdalstangen Ungdomskorps

– sjå Fagforeningenes Musikklag.

Tangen Arbeidermannskor

vart skipa 1947 og vart i 1952 slege saman med Tangen Kvinnekor til Tangen Arbeiderkor. Sjå foto øvst på sida.

Øvre Årdal Janitsjar marsjerer i Storevegen.

Øvre Årdal Janitsjar marsjerer i Storevegen.

Fana til Årdalstangen Kjemiske Arbeiderlag. Foto: Olav Reiakvam. © Fylkesarkivet.

Fana til Årdalstangen Kjemiske Arbeiderlag. Foto: Olav Reiakvam. © Fylkesarkivet.

Øvre Årdal Janitsjar

vart skipa i 1947. Laget var det første i fylket som på slutten av 1960-talet fekk bygt opp instrumentutvalet til ei såkalla ”standarbesetning” for janitsjarorkester.

Årdal Kjemiske Fagforening

i Øvre Årdal vart stifta i 1947. Dette har vore den største fagforenigna for tilsette på verket.

Årdalstangen Kjemiske Arbeiderlag

vart stifta i 1948.

Tangen Kvinnekor

vart skipa i 1948, og vart i 1952 slege saman med Tangen Arbeidermannskor til Tangen Arbeiderkor.

Tangen Arbeiderkor

– sjå Tangen Kvinnekor.

Øvre Årdal Songlag

er eit blandakor som vart skipa i 1948. Songlaget har også sett opp revyar.

Årdal Sogelag størst på Vestlandet

Sogelaget i Årdal vart skipa i 1949.

Norsk Folkehjelp

Norsk Folkehjelp

skipa avdeling i Årdal i 1951.

Tangen Kvinnekor

vart skipa 1948, og vart i 1952 slege saman med Tangen Arbeidermannskor til Tangen Arbeiderkor.

Øvre Årdal Songlag

blandakor, vart skipa i 1948. Har også sett opp revyar.

Tangen skulemusikk i 1959. Foto: Verksposten. Eigar: Årdal Sogelag.

Tangen skulemusikk i 1959. Foto: Verksposten. Eigar: Årdal Sogelag.

Tangen Skulemusikk

vart skipa i 1951.

Farnes Skulemusikk

vart skipa i 1952.

Farnes Skulemusikk i 1958. Ukjend fotograf. Eigar: Årdal Sogelag.

Farnes Skulemusikk i 1958. Ukjend fotograf. Eigar: Årdal Sogelag.

Årdal pensjonistlag

vart skipa i 1970. I 2011 er dette det største pensjonistlaget i Sogn og Fjordane med nesten 500 medlemer.

Årdal Turlag

vart skipa 1973. Turlaget har vore aktive i utbygging av vegar og turstiar i Utladalen og nyttar den nedlagde fjellgarden Avdal og stølsselet som høyrer til som losji. Årdal Turlag driv også ei ubemanna hytte i Gravdalen sørvest i Jotunheimen.

Dei årdølene som er glade i å gå i fjellet har mange fine turar å velje i. Kjem du høgt nok opp ser du mykje av Hurrungane i Vest-Jotunheimen, som her i Grøneskaret vest for Torolmen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Årdal Lag av LHL

vart skipa i 1975.

Les meir om Kultur og organisasjonsliv i Årdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 15.12.2011