Hopp til innhold
X
Innhald

Landhandlar i Årdal

I dette vesle huset i Seimsdal starta Sigvald Årebru landhandel i 1928. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I dette vesle huset i Seimsdal starta Sigvald Årebru landhandel i 1928. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

For dei første landhandlarane, sjå:

Kremmarar og gjestgjevarar på Årdalstangen

Det var folk frå dei store og rike slektene i indre Sogn som dreiv handel på Årdalstangen på 1600- og 1700-talet. Slektsnamn som Nagel, Døsen, Ørbech, Teiste, Svabo og Lem går att.

Første kremmarane i Øvre Årdal

Årdal Koparverk starta drifta i fjella kring Øvre Årdal i 1702. Verket hadde smeltehytta og administrasjonen på Farnes.

Sjur Andersson Øren

starta landhandel på Farnes i Øvre Årdal i 1865. - sjå Første kremmarane i Øvre Årdal.

Ola S. Ørens Sønner A/S

- sjå Første kremmarane i Øvre Årdal.

Janbui på Årdalstangen der Jens Kristian Klingenberg og Jan Hille dreiv landlandel. På 1930-talet var det samvirkefilial her. Foto: S. Mørkve. Eigar: Årdal Sogelag.

Janbui på Årdalstangen der Jens Kristian Klingenberg og Jan Hille dreiv landlandel. På 1930-talet var det samvirkefilial her. Foto: S. Mørkve. Eigar: Årdal Sogelag.

Jimmi Klingenberg og Jan Hille

starta landhandel på Årdalstangen i 1903 og dreiv fram til kring 1920. På folkemunne heitte butikken Janbui. Etter det vart huset ei tid nytta av Nedre Årdal Samvirkelag.

Forretningsbygget som Vetti reiste på 1950-talet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Forretningsbygget som Vetti reiste på 1950-talet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ths. A. Vettis Eftf. landhandel

i Øvre Årdal vart starta i 1905 av Thomas Vetti. Før han starta som forretningsmann, hadde han arbeidd som patentførar (fjellførar) i Vest-Jotunheimen for Den Norske Turistforening. I 1918 flytta han inn i nybygg, som seinare vart utvida. I 1938 overtok sønene Torvald og Bartolv butikkdrifta, som m.a. spesialiserte seg på sal av geitost. Forretninga vart i 1995 overteken av Coop og var Prix-butikk til Coop Vest AB la ned i slutten av 2010.

Tyinfaldene med eigen handel

Offerdals landhandel i Øvre Årdal.

Offerdals landhandel i Øvre Årdal.

I samband med at A/S Tyinfaldene starta utbyggjing av kraftanlegg i Øvre Årdal frå 1910, var det mange som starta handel i bygda. Dei fleste dreiv assortert landhandel, men også spesialforretningar m.a. i tobakk, manufaktur og mote såg ei framtid i det planlagde industrisamfunnet som Norsk Hydro ville byggje. Men A/S Tyinfaldene løyste sjølve handelsbrev i 1918 og tok matvarer og andre forsyningar frå eige lager. Selskapet handla såleis svært lite frå lokale kjøpmenn. Då nedgangstidene kom på 1920-talet, gjekk 14-15 av forretningane i Øvre Årdal konkurs eller vart avvikla. Nokre få overlevde krisetida, og er nemnde i dette oversynet.

Kristian Offerdal

frå Feios starta landhandel i Øvre Årdal i 1909. Søstera Andrina tok seinare over og dreiv den som «Offerdals Landhandel». I 1914 sette ho opp stort nybygg. Forretninga vart driven til 1969. (Sjå også Steinindustrien i Ytre Ofredal).

Offerdals Landhandel

- sjå Kristian Offerdal.

Coop Mega i Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Coop Mega i Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Øvre Årdal Samvirkelag

vart skipa i 1928.

Coop Mega Øvre Årdal

– sjå Øvre Årdal Samvirkelag.

Forretningsbygget til Årebru. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Forretningsbygget til Årebru. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sigvald Årebru

starta i 1928 landhandel i Seimsdal. I 1951 starta han daglegvareforretning i Øvre Årdal. I dag er denne forretninga driven av Jorun Årebru.

Nedre Årdal Samvirkelag

Nedre Årdal Samvirkelag

vart skipa i 1932 som ei underavdeling av Øvre Årdal Samvirkelag. I 1938 vart butikken på Tangen sjølvstendig selskap.

Coop Prix Årdalstangen

– sjå Nedre Årdal Samvirkelag.

Les meir om: Industri og næring i Årdal

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.04.2011