Hopp til innhold
X
Innhald

Leif Grønsberg

Fjordblomsten held i dag til i den tidlegare møbelforretninga til Leif Grønsberg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fjordblomsten held i dag til i den tidlegare møbelforretninga til Leif Grønsberg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Leif Grønsberg frå Vik dreiv ein kiosk på Årdalstangen før han i 1955 starta møbelforretning med ei lita gåveavdeling.

Dottera Heidi Grønsberg Berge overtok drifta då faren døydde i 1975. I 1986 selde ho møbelavdelinga til ei lokal gruppe med m.a. Johnny Torvund. Denne gruppa bygde etter ei tid nybygg i Øvre Årdal og flytta møbelbutikken dit.

I 1986 selde Heidi Grønsberg Berge gåveavdelinga på Årdalstangen til Arne Blomstrand. Denne butikken har sidan utvikla seg til butikken Fjordblomsten.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.02.2010