Hopp til innhold
X
Innhald

Lem-slekta kjem til Årdal

I 1759 tok Stevelin Sørensen Lem over som handelsmann i Årdal. Lem-slekta, opphaveleg frå Belgia, slo seg m.a. opp som store jordeigarar i Sogn, m.a. på Frønningen (sjå Frønningen).

I 1763 fekk han gjestgjevarløyve. Etter ti år som handelsmann måtte Lem gje seg, og handelsstaden var ei tid eigd av Bergens-kjøpmenn, som sette Albert Schriver Kramer til styrar i Årdal. I 1776 kjøpte Kramer husa og overtok handelsretten sjølv. Han kjøpte også den verdfulle skogeigedomen Indre Ofredal, men selde både den og handelen i 1791 og flytte til Gulen. Kramer selde til svigerson til Stevelin Lem, Hans Anderson Tangen. Men etter at Hans Tangen døydde i 1817, vart handelen nedlagd, og Årdal var utan eigen handelsmann i 30 år.

Les også om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.06.2008