Hopp til innhold
X
Innhald

L/L Årdal Kraftlag

Administrasjonsbygningen til Årdal Energi. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Administrasjonsbygningen til Årdal Energi. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

L/L Årdal Kraftlag vart skipa i 1945 og sytte fram til 1949 for at alle grendene i kommunen, med unntak av Ytre Ofredal, fekk innlagt straum.

Laget vart oppløyst i 1953. Då tok kommunen sjølv over kraftforsyninga etter å ha gjort avtale med verket om å levere straum til ålmenforsyning i kommunen til svært rimelege prisar. Dette var same ordninga som kom folket kring NACO i Høyanger til gode.

I dag heiter det lokale kraftselskapet Årdal Energi. Selskapet har berre konsesjon på sal av kraft innanfor kommunegrensene. Årdal Energi er medeigar i breibandselskapet Årdalsnett AS, skipa i 2001.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.02.2010