Hopp til innhold
X
Innhald

Med is som gruvestillas

Turen opp til kopargruvene var fire timars beinhardt slit: Arbeidsfolket bar med seg proviant og utstyr for ei vekes drift. Overstigar Schmidt omkom på ei strabasiøs ferd frå gruvene vinterstid i 1728. Arbeid i gruvene vart også nytta som straffearbeid for fangar.

Gruvene i fjellet heitte m.a. Guds Gåve (1500 m.o.h), Guds Nåde, Guds Godleik, Guds Vilje, Kongens Gruve og Prins Frederiks gruve, den siste opna i 1723.

Malmen vart sprengd laus med krut. Men også den rgamle «sprengingsmetoden» med vedfyring (setteved) og kaldt vatn på oppvarma berg vart brukt.

Gruvegangane vart m.a. avstiva med is. Arbeidarane pumpa vatn ut av gruva i porsjonar. For kvar gong let dei det fryse eit solid islag på vatnet før dei pumpa ut ein ny porsjon. Slik kunne dei få opptil fire tjukke isgolv som vart nytta som arbeidstillas inne i gruva!

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.04.2011