Hopp til innhold
X
Innhald

Minne frå gruvedrifta

Koparverkshuset like ved Verksporten på Årdalstangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Koparverkshuset like ved Verksporten på Årdalstangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Det mest synberre minnet etter gruvedrifta i Årdal er det såkalla «koparverkshuset» på Årdalstangen. Dette er eit av dei husa som von Schört fekk reist då han tok over som gruvedirektør i 1711.

Sjølv bygde han eit prangande hus kring eit inntun - delvis ved å byggje nytt, delvis ved å samle andre hus på verket kring eit felles tun. Det er huset til bergskrivaren som no er teke vare på på Årdalstangen.

Huset vart flytta til Luster, men Årdal sogelag fekk kjøpt det tilbake og sett det i stand som museum. Det stod først nokre år i Øvre Årdal, før det vart flytta til Årdalstangen.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.04.2011