Hopp til innhold
X
Innhald

Motstand mot Årdal Verk

Einar Gerhardsen og hans regjering trassa motstanden frå eigne rekkjer og frå borgarleg hald og fekk gjennom at aluminiumverket i Årdal skulle fullførast og at krafta ikkje skulle overførast til Austlandet. Dette er ei av årsakene til at Arbeidarpartiet har hatt reint fleirtal og vel så det i Årdal i eit halvt hundre år. Foto: Erik Thorberg, Scanpix.

Einar Gerhardsen og hans regjering trassa motstanden frå eigne rekkjer og frå borgarleg hald og fekk gjennom at aluminiumverket i Årdal skulle fullførast og at krafta ikkje skulle overførast til Austlandet. Dette er ei av årsakene til at Arbeidarpartiet har hatt reint fleirtal og vel så det i Årdal i eit halvt hundre år. Foto: Erik Thorberg, Scanpix.

Frå fagleg hald vart det lagt fram planar som synte at det ville koste vel 77 millionar kroner å fullføre anlegga i Årdal og byggje eit lønsamt aluminiumsverk.

Planen møtte motstand frå m.a. Norsk Aluminium CO - NACO som såg fåren i å få ein stor konkurrent til aluminiumsverket sitt i Høyanger. Dei hadde ein ivrig talsmann i forvaltningsstyret for Nordag-eigedomane, men dette styret vart skifta ut og nye kom inn. I det nye styret sat den nye fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Nikolai Schei. Han hadde gjort ein stor innsats m.a. som medlem av Heimefrontleiinga under krigen, og hadde stor respekt i landet. Han vart distriktet sin fremste talsmann i den drakampen som kom.

Styret gjekk i februar 1946 samrøystes inn for å byggje ut Årdal Verk, med ein eigardel til Staten på 40 prosent.

Strid på kammerset i Ap

Men Arbeidarpartiet som sat med regjeringsmakta ville det annleis: I partiet sin planøkonomiske tankegang var det først og fremst kraftkrevjande storindustri som skulle skaffe det krigsherja Noreg valutainntekter til gjenreising og utvikling av velferdsstaten.

Venstresida i partiet meinte difor det var viktig med statskontroll over desse ressursane, og difor måtte Staten ha full eigarkontroll over nøkkelbedrifter som Årdal verk. Handelsminister Lars Evensen spela ein sentral rolle då regjeringa Gerhardsen gjekk inn for fullføring av Årdal Verk. Berre den mektige finansministeren Erik Brofoss gjekk imot. Han ville leggje Tyin-krafta inn på eit stamlinenett for Vestlandet for å byggje ut småindustri i staden.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.04.2011