Hopp til innhold
X
Innhald

Musikarane frå Årdal

Frå 1970-talet har Årdal vore «storleverandør» av landskjende musikarar.

Frå 1970-talet har Årdal vore «storleverandør» av landskjende musikarar.

Dei første var «supergruppa» Lava på 1970-talet. Gruppa vart skipa i 1977 av årdølene Per Hillestad, Kjell Hestetun og Stein Eriksen og «systrendingen» Svein Dag Hauge, som på den tida var lærar i Årdal. Lava vekte stor merksemd og fekk svært gode kritikkar for fleire album som dei gav ut frå 1980. Gruppa fekk Spellemannsprisen i 1984 og har vore nominert fleire gonger.

Om lag samstundes med at Lava vart landskjende, starta jazzmusikar og komponist Karl Seglem samarbeidet med pekusjonisten Terje Isungset frå Hallingdal i gruppa «Utla».

Seinare slutta meisterspelemannen Håkon Høgemo frå Øvre Årdal seg til Utla, og saman har desse gjeve ut fleire album med sin særmerkte musikk. Høgemo har på si side vunne fleire førsteprisar på Landskappleiken og Spellemannsprisen, og saman har dei tre m.a. turnert mykje i utlandet. Karl Seglem har også samarbeidd med komponisten Reidar Skår frå Årdal, og for albumet «Tya» fekk dei to Edvard-prisen i 1998.

Nils Einar Vinjor frå Øvre Årdal er rekna mellom landets fremste gitaristar med oppdrag i inn- og utland. Han har også gjeve ut eige album.

Jan Roger Øren som har vore ei drivande kraft bak musikkprosjekta «Beatles» og «Frå Chaplin til Elton John» har også samarbeidd om plateprosjekt som komponist og arrangør, og er frå 1998 musikksjef i Norges Musikkorps Forbund.

Frå Målrock i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frå Målrock i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Målrock

Sidan 2003 har delar av musikklivet i Årdal brukt mykje tid og krefter på å arrangere musikkfestivalen Målrock i Meieriparken på Årdalstangen. Utgangspunket for Målrock var å samle artistar og band som brukte dialektar og nynorsk i musikken sin. I 2011 vart Målrock tildelt kulturprisen til Årdal kommune.

Trøndergruppa DDE er mellom artistane som har vore på Målrock. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Trøndergruppa DDE er mellom artistane som har vore på Målrock. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les meir om: Kultur og organisasjonsliv i Årdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.12.2011