Hopp til innhold
X
Innhald

Nagel får konkurranse

Handelsmannen fekk også hard konkurranse frå årdølen Bjørn Berntson Hæreid, som med borgarbrev frå Bergen kunne handle kvar han ville - m.a. med folk i heimbygda. Nagel mislikte dette, men kunne lite gjere.

Då Dominikus døydde i 1704, dreiv enkja Maren Ørbech handelen vidare. Ho kom frå den velståande Ørbech-familien i Naddvik på sørsida av Årdalsfjorden. Maren sette systersonen Dominikus Ørbech Nattvik til å styre handelen på Tangen. Både ho og mannen gav m.a. fleire gåver til kyrkja i Årdal.

Les meir:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 18.06.2008