Hopp til innhold
X
Innhald

Naturskader og ulukker i Årdal

Rasfare er noko årdølene har levd med så lenge det har budd folk i bygda. I fjellformasjonen Bøttejuv nordvest for Øvre Årdal er det ein stor sprekk, og det er fare for at ein stor fjellknaus skal rase ut i Årdalsvatnet. Til vern mot flodbylgja som vil bli resultatet av eit slikt ras har Årdal kommune bygd opp ein voll mot vatnet på Farnes. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I dette oversynet er berre ulukker med to eller fleire omkomne eller ulukker under særlege omstende tekne med.

1810

I 1810 vart ein ung mann frå Naddvik slegen i hel i eit arbeidsuhell under tømmerløyping.

1826

I 1826 var ein stor del av garden Moa i Øvre Årdal rasert av ein elveflaum. Elva Tya tok seg nytt far. På folkemunne vert denne flaumen framleis kalla «Storeflaumen».

Garden Moa ligg på eit platå over Årdal Metallverk. I 1826 tok ein flaum i elva Tya som kjem ned Moadalen til høgre i biletet ein del av garden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Garden Moa ligg på eit platå over Årdal Metallverk. I 1826 tok ein flaum i elva Tya som kjem ned Moadalen til høgre i biletet ein del av garden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

1858

I 1858 omkom far og son då dei vart tekne av eit snøskred som truleg gjekk på Holsæter i Fardalen.

Uversvinteren 1873 i Årdal

Åtte menneske omkom i to skredulukker ved Årdalsfjorden.

Arbeidsulukker ved Tyinanlegga

I den lange anleggstida frå 1910 til 1940 på Tyin-anlegga var det fem dødsulukker ved anlegga. Alle var sprengingsulukker og hende i tida frå 1917 til 1925: Norsk Hydro ytte støtte til dei etterlatne med pengar frå det såkalla «arbeidarfondet».

Slik såg det ut etter raset i Geisdalen på Årdalstangen 5. mai 1934. Vi ser at Hæridselva går flaumstor.

Slik såg det ut etter raset i Geisdalen på Årdalstangen 5. mai 1934. Vi ser at Hæridselva går flaumstor.

1934

Eit jord- og steinras frå Geisdalen øydela i 1934 mykje av jorda på Lægreidsgardane på Årdalstangen. Ein del bufe strauk med, men ingen personar vart skadde.

På dette biletet frå 1951 ser vi Geisdalselvi  og steinmassane etter raset i 1934 i venstre delen av biletet. Til høgre ser vi at det er sprengt hol gjennom Finnsåsen for å leie vatnet ut der slik at det ikkje var fare for fleire skadeflaumar og ras. Det nye løpet til elva vart på folkemunne kalla Owefossen etter generaldirektør Aage W. Owe, som har teke dette biletet. Eigar av foto: Årdal Sogelag.

Owefossen slik han ser ut i dag. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Owefossen slik han ser ut i dag. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

1941

I 1941 omkom åtte anleggsarbeidarar på Nordag-anlegget etter at dei hadde drukke frysevæske.

1945

Like etter 2. verdskrig omkom ein ung mann i ei stupeulukke då han hoppa frå den store kranen på kaia ved Årdalsvatnet i Øvre Årdal.

Ved dampskipskaia i Naddvik drukna to menn i 1948. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ved dampskipskaia i Naddvik drukna to menn i 1948. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

1948

I 1948 drukna to menn ved dampskipskaia i Naddvik. Den eine fall først utfor, og den andre mannen drukna då han hoppa uti og freista å berge.

1956

I 1956 omkom tre personar ved ei eksplosjonsulukke på råjernsverket på Årdalstangen.

Bilen som køyrde utfor  vegen i Heirsnosi  17. august 1957 vart mildt sagt kraftig ramponert. Ukjend fotograf.

Bilen som køyrde utfor vegen i Heirsnosi 17. august 1957 vart mildt sagt kraftig ramponert. Ukjend fotograf.

1957

I 1957 omkom tre personar då ein norsk personbil sklei utfor ved passering av ein fransk bil i fjellvegen opp Heirsnosi i Øvre Årdal. Den franske bilføraren oversåg at det var timekøyring i kvar retning på den smale vegen.

Dette biletet vart teke akkurat då flodbylgja slo inn på land på Årdalstangen etter raset 18. august 1983. Foto: Kurt Johansen. Eigar: Årdal kommune.

Dette biletet vart teke akkurat då flodbylgja slo inn på land på Årdalstangen etter raset 18. august 1983. Foto: Kurt Johansen. Eigar: Årdal kommune.

1983

I 1983 gjorde ei flodbylgje stor skade på småbåtar og kaianlegg på Årdalstangen. Flodbylgja var utløyst av eit stort steinras på sørsida av fjorden. Ingen menneske kom til skade.

  Slik såg det ut i fjellsida etter raset. Foto frå tv-reportasje, NRK.

Slik såg det ut i fjellsida etter raset. Foto frå tv-reportasje, NRK.

Flodbylgja gjorde stor materiell skade, men utruleg nok kom ingen personar til skade. Foto frå tv-reportasje, NRK.

Flodbylgja gjorde stor materiell skade, men utruleg nok kom ingen personar til skade. Foto frå tv-reportasje, NRK.

1986

I august 1986 omkom to menn frå Årdal av kolosforgifting i ei fiskebu i Årdalsfjella.

1993

I 1993 omkom to menn då eit småfly frå Vestfold styrta i Fardalen medan det dreiv flyfotografering.

2004

I 2004 miste to eldre kvinner livet og to vart alvorleg skadde på riksveg 53 ved Årdalsvatnet. Mannen som køyrde den andre bilen, vart seinare dømd for å ha køyrt i rusa tilstand.

2005

I 2005 miste ein mann livet då han fall ut av båten under fritidsfiske ved Seimsdalen. Ei pengeinnsamling gjorde det mogeleg å leite med miniubåt slik at den omkomne vart funnen. Overskotet frå pengeinnsamlinga vart sett inn i eit minnefond som m.a. kom til nytte ved ein tilsvarande leiteaksjon i 2007-2008 (sjå nedanfor).

2007

I 2007 vart det sett i gang ein stor leiteaksjon både på land og i Årdalsvatnet etter at ei 17 år gamal jente frå Øvre Årdal kom bort. Ho var funnen omkomen i Årdalsvatnet i januar 2008.

Frå leitinga i Årdalsvatnet i 2007. Foto: NRK

Frå leitinga i Årdalsvatnet i 2007. Foto: NRK

2013

I 2013 omkom ein mann då han køyrde utfor vegen i Geithusbakken mellom Øvre Årdal og Årdalstangen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 14.05.2013