Hopp til innhold
X
Innhald

Naturvern i Årdal

Skagastølstindane er godt synlege når du kjem opp i Årdalsfjella. Slik tek dei seg ut frå Grønaskaret. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Skagastølstindane er godt synlege når du kjem opp i Årdalsfjella. Slik tek dei seg ut frå Grønaskaret. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Freding av Vettisfossen

Vestlandsavdelinga til Landsforeningen for naturfredning i Norge fekk i 1924 freda Vettisfossen (275 meter) mot utbyggjing.

Jotunheimen nasjonalpark

Jotunheimen nasjonalpark vart skipa i 1980 og ligg i kommunane Årdal og Luster i Sogn og Fjordane og Lom og Vang i Oppland fylke.

Utla sett frå Vetti gard. Vi ser dei fråflytta bruka Lauvhaugen til venstre og Flaten. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Utla sett frå Vetti gard. Vi ser dei fråflytta bruka Lauvhaugen til venstre og Flaten. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Utladalen landskapsvernområde

Utladalen landskapsvernområde grensar inn til Jotunheimen nasjonalpark og strekkjer seg frå områda ved Tyin i sør til Feigumvassdraget i Luster i nord.

Kvitingsmorki naturreservat

På sørsida av Årdalsfjorden mellom Naddvik og Fodnes ligg eit særmerkt skogområde med furuskog opp i 1000 meters høgde.

Furuskog høgt til fjells på Kvitingsmorki. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Furuskog høgt til fjells på Kvitingsmorki. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.04.2011