Hopp til innhold
X
Innhald

Naudsarbeid

Fleire årdøler var på ”naudsarbeid” på Gaularfjellsvegen på 1930-talet. Dette er arbeidslaget til Anton Holsæter, som står lengst til venstre. Vidare mot høgre Olav Vee, ukjend, Tyger Berge, Einar Distad, Sverre Solberg og Kristian Sværen. Ukjend fotograf. Eigar: Statens Vegvesen.

Ingen bygder i Sogn og Fjordane fekk merke «dei harde trettiåra» hardare enn Årdal, med massearbeidsløyse og kommunal armod. I 1935 var det 120 arbeidslause i bygda, og verre vart det i åra som fylgde.

Problema i Årdal råka også anleggsfolk frå nabokommunane. For å bøte på det verste, vart det sett i gangs naudsarbeid på vegen Årdal-Valdres (ferdig 1934), veg til Øvre Ofredal og start på vegen Årdalstangen-Øvre Årdal i 1938 (ferdig 1942).

Då den tidlegare anleggsvegen vart forlenga til Tyin og opna for allmenn ferdsel i 1934 skapte det mykje aktivitet på fjellet, og fleire årdøler fekk seg arbeid på Tyin Hotell. Dette biletet er teke i mai 1938 då dei tilsette klargjorde hotellet for sesongen. Frå venstre Anna Fylken, Per Vetti og Borgny Fredheim Øren. Ukjend fotograf. Eigar: Per Vetti/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I Øvre Årdal vart det bygt vegar og skikkeleg køyrebru over elva. 18 årdøler fekk arbeid på Gaularfjellsvegen (ferdig 1938), og framleis finn vi lokale stadnamn som «Vee-svingen», «Øvstetun-svingen» o.s.b. som minne etter arbeidslaga frå Årdal på Gaularfjellsvegen. Arbeidet med Sognefjellsvegen (ferdig 1938) gav mange ledige hender i nabobygdene i Luster noko å gjere.

Ved sida av vegbygging var jorddyrking eitt av dei viktigaste sysselsettingstiltaka i indre Sogn som i resten av landet i dei harde trettiåra. Gardbrukarane fekk kommunalt tilskot på 2,50 pr. dag for å ta arbeidslause i teneste mot sjølve å skyte til 1,50 på dagløna.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 15.04.2011