Hopp til innhold
X
Innhald

Nedre Årdal Samvirkelag

Nedre Årdal Samvirkelag kunne flytte inn i nybygg i 1955. I andre etasje var Centrum kafè, i tredje etasje var det kontor, mellom anna heldt tannlegen til der. I brakka til høgre var det mellom anna lensmannskontor. Foto: Verksposten. Eigar: Årdal Sogelag.

Nedre Årdal Samvirkelag vart skipa i 1932 som ei underavdeling av Øvre Årdal Samvirkelag. I 1938 vart butikken på Tangen sjølvstendig selskap, og flytta same året inn i eige forretningsbygg.

I 1955 bygde samvirkelaget nytt forretningsbygg som romma både butikk og kafé. I etterkrigsåra hadde Nedre Årdal Samvirkelag 12 tilsette i butikken, tre på eige bakeri og eigen pølsemakar og sjåfør.

Nedre Årdal Samvirkelag vart seinare slege saman med Øvre Årdal Samvirkelag igjen, og gjennom fleire fusjonar er forretninga ein del av Coop Vest og har nemninga Coop Prix Årdalstangen.

Nedlegging i 2014

Men i mai 2014 avgjorde styret i Coop Vest at butikken på Årdalstangen skal leggjast ned innan 30. september same året.

Coop Prix Årdalstangen i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Coop Prix Årdalstangen i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 14.05.2014