Hopp til innhold
X
Innhald

Niårig skule i Årdal

Årdal Ungdomsskule vart bygd i 1962, og her gjekk nokre år alle ungdomsskuleelevane i Årdal. Seinare vart det også ungdomsskule på Årdalstangen. No heiter skulen Farnes skule – ungdomssteget. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Årdal Ungdomsskule vart bygd i 1962, og her gjekk nokre år alle ungdomsskuleelevane i Årdal. Seinare vart det også ungdomsskule på Årdalstangen. No heiter skulen Farnes skule – ungdomssteget. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dei første forsøka med niårig barne- og ungdomsskule kom i gang i Noreg i 1955. Ungdomsskulesaka vart første gong reist i Årdal i 1957.

Årdal starta forsøk med niårig skule i 1961. Det siste skuleåret kunne elevane velje mellom gymnasførebuande line og ei yrkesførebuande line. Den siste fekk høgast prioritet i industrikommunen, og undervisninga vart kombinert med utplassering i yrkeslivet. Born frå dei avsides gardane Avdal, Vetti, Eldegard og Nundal vart innlosjerte på internat på Farnes. Dei første åra gjekk alle elevane i Årdal på Årdal ungdomsskule i Øvre Årdal.

To ungdomsskular

Frå 1967 vart grunnskulen organisert i ei 6 + 3-ordning. Linedelinga fall bort, og dei to hovudskulane vart Tangen kombinerte barne- og ungdomsskule og Øvre Årdal ungdomsskule, som fekk nybygg i 1962. I 2010 er namna på skulane Tangen skule og Farnes skule – ungdomssteget.

Det høgste elevtalet i den niårige skulen i Årdal var i 1971 med 1399 elevar.

I samband med overgang til femdagars arbeidsveke ved Årdal verk frå 1968, vart det gjennomført femdagars skuleveke i grunnskulen frå 1970.

Tangen skule har både barnesteg og umngdomssteg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tangen skule har både barnesteg og umngdomssteg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les meir om skulane i Årdal

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.04.2011