Hopp til innhold
X
Innhald

Nils Henrik Bruun

Nils Henrik Bruun (1832-1916) frå Tønsberg, busett i Bergen. Ingeniør, industrimann og fossekjøpar. Ingeniørutdanna i Göteborg og Tyskland. Han flytta til Bergen i 1863.

Bruun var ein sentral industrimann i Bergen på slutten av 1800-talet: Han grunnla og leia fleire bedrifter, og var direktør for Bergens Mek. Verksteder (BMV). På 1870-talet leia han bygging av «Vossabanen» - den første delen av Bergensbanen frå vestsida. Han leia bygging av fleire moloar og tørrdokker, og leia frå 1892 Laksevåg Maskin- og Jernskipsbyggeri, som han sjølv hadde vore med og grunnlagt.

Bruun kjøpte i 1898 halvparten av fallrettane i elva Tya i Øvre Årdal frå bonde Ole Ørbech Vee for 2000 kroner pluss ei årleg avgift, og seinare tomteland til industri for 600 kroner. Henrik Spangelo kjøpte samstundes andre halvparten av fossefallet frå Erik Moen. I 1906 selde dei to «fossespekulantane» fallrettane i Tya til det tyske storkonsernet BASF. Bruun vart riddar av St. Olavs Orden 1894.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.03.2010