Hopp til innhold
X
Innhald

NorSun AS

Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit kom til Årdal for å opne NorSun-fabrikken. Her blir dei  orienterte av Alf Bjørseth. Til venstre politimeister Johan Brekke og mellom kronprinsparet ordførar Arild Ingar Lægreid. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit kom til Årdal for å opne NorSun-fabrikken. Her blir dei orienterte av Alf Bjørseth. Til venstre politimeister Johan Brekke og mellom kronprinsparet ordførar Arild Ingar Lægreid. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

NorSun AS er eit selskap som produserer delar til solcellepanel. Desse delane blir kalla monokrystallinske silisiumwaferar, som er lauvtynne skiver av krystallisert silisium (waferar).

NorSun AS vart skipa i 2005 og er eit dotterselskap til Scatec AS, som er eigd av dr. ing. Alf Bjørseth (f. 1942). Han har vore ein leiande person i utviklinga av solcelleenergi. Tidlegare hadde han skipa suksessverksemda REC (Renewable Energy Corporation), som han selde seg ut av for å investere i NorSun AS.

I 2006 vart det kjent at selskapet ville byggje ein fabrikk med 120 tilsette på Årdalstangen. Byggearbeidet starta i 2007. Fabrikken vart opna den 11. juni 2008 av kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit. Den er ein av dei største fabrikkane av dette slaget i verda.

Hydro skaut inn 150 millionar kroner i Årdals-fabrikken. Ved utgangen av 2009 har fabrikken 170 tilsette. Dette talet auka til 233, men mot slutten av 2012 førde ein vanskeleg marknadssituasjon til at 33 av dei tilsette miste arbeidet frå 1. januar 2013.

NorSun-fabrikken på Årdalstangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

NorSun-fabrikken på Årdalstangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.10.2012