Hopp til innhold
X
Innhald

Nye kostar - nytt klima

Jean Michelet.

Jean Michelet.

Aage W. Owe vart avløyst av Jean Michelet som generaldirektør i 1965, og med han vart Owe-sentralismen avløyst av ein epoke med delegering og lagånd. Michelet la stor vekt på at grunnplanet skulle vere godt orientert om kva som skjedde og trekkjast med på råd. Det vart tida for samarbeidsutval, fagkomitear og prosjektgrupper, og i 1969 var det 24 slike grupper i arbeid.

Personleg utvikling og kompetanseheving vart viktige omgrep, og konsernet fekk eiga opplæringsavdeling. Datateknologi vart teke i bruk i styring av den daglege drifta. Ved ei lov i 1972 fekk ÅSV-tilsette rett til tredjeparten av styremedlemene (fire medlemer) og bedriftsforsamlinga. Dei tilsette sine representantar hadde tett kontakt med LO og Arbeiderpartiet sentralt. Dette gav dei større gjennomslag i ÅSV-styret for sine synspunkt.

Peder Thunshelle (nr. to frå venstre) og Nils Flom (til høgre) var to sterke fagforeiningsprofilar på 1960- og 1970-talet, leiarar for høvesvis Årdal Kjemiske Fagforening og Årdalstangen Kjemiske Arbeiderlag. Her er dei i Å1 for å prate med operatørane Per Høgi og Nilsen. Foto frå arkivet til Hydro Aluminium.

Frå eit jubiléum i Årdal Kjemiske Fagforening. Framme frå venstre Gudmund Gulbrandsen, Peder Thunshelle, Gjermund Vee, Henry Bakka, Kolbjørn Jensen, Åsmund Nilssen. Bak frå venstre ukjend, Sigurd Nordås, Per Øren, Alfred Holsæter, Sigurd Hjelmås, Asbjørn Søfting, Thomas Norheim, Peder Hestetun, Håvard Midtun og Sigvald Nundal. Eigar av foto: Årdal Sogelag.

Fagrørsla i «makt-triangelet»

På same vis som i Høyanger kommune, har Årdal kjemiske fagforening og Årdalstangen Kjemiske arbeidarlag vore sterk maktfaktorar i samfunnsbygginga i etterkrigstida. Ein kan tale om eit «makt-triangel», der ÅSV med verket, Arbeiderpartigruppa i kommunestyret og fagforeininga hadde den avgjerande makta. Det faglegpolitiske samarbeidet mellom Arbeiderpartiet og den lokale fagrørsla var svært tett. Det var naturleg at dei fleste «tunge» kommunale saker vart handsama på fagforeningskontoret før dei kom til avgjerd i det Arbeidarparti-dominerte kommunestyret. Fagrørsla har utad gjort felles sak med kommune og verk i kampen for best mogeleg rammevilkår for den kraftkrevjande industrien. Dette gjeld m.a. tilgang på energi på rimelege vilkår.

Dei første åra kom aluminiumoksiden i sekker, men her i 1960 er det nye metodar. Oksiden blir sogen opp frå lasterommet. Foto: Verksposten. © Årdal Sogelag.

Dei første åra kom aluminiumoksiden i sekker, men her i 1960 er det nye metodar. Oksiden blir sogen opp frå lasterommet. Foto: Verksposten. © Årdal Sogelag.

Oksidbåtyen Sun Polycrown ved verkskaia på Årdalstangen i 1964. Foto: Verksposten. © Årdal Sogelag.

Oksidbåtyen Sun Polycrown ved verkskaia på Årdalstangen i 1964. Foto: Verksposten. © Årdal Sogelag.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 28.04.2011