Hopp til innhold
X
Innhald

Oddvar Natvik

Han arbeidde deretter med oppbygging av forlagsverksemd i Bondeungdomslaget.

Oddvar Natvik, fødd 1945 i Naddvik. Cand. philol. Aktiv målreisingmann, m.a. som leiar av studentmållaget i Oslo 1971 og generalsekretær i Kringastingsringen 1975-1981.

Han arbeidde deretter med oppbygging av forlagsverksemd i Bondeungdomslaget.

Frå 1991 tilsett ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, med ansvar for m.a. oppbygging av utvandrararkivet, Fjord-Info og Kulturnett Sogn og Fjordane.

Medforfattar av jubileumsboka "Årdal - kamp, krefter og kunnskap" (Skald Forlag 2010).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.04.2011