Hopp til innhold
X
Innhald

Olaf Vee-Haugen

Olaf Vee-Haugen.

Olaf Vee-Haugen.

Olaf Vee-Haugen (1931-1997) frå Årdal. Journalist og Arbeidarparti-politikar. Journalist for Sogn Dagblad (tidl. Sogn Folkeblad) i Årdal frå 1955 til 1969, då han vart distriktssekretær for Arbeidarpartiet i Telemark.

Medlem i AUFs landsstyre 1958 - 1964. Leiar i Årdal Arbeidarparti 1962-1969 og kommunestyremedlem 1963-1969, mykje av tida som gruppeleiar.

Styremedlem i fylkespartiet, og vararepresentant til Stortinget 1961-1969.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.04.2011