Hopp til innhold
X
Innhald

Ole Offerdahl

Ole Offerdahl.

Ole Offerdahl.

Ole (Olav) Offerdahl (1857-1930) frå Ofredal. Katolsk biskop.

Husmannsson frå Kleivi, og bror til Helge Thomassen Offerdahl. Utdanna lærar og prest, og den første norske katolske biskopen etter reformasjonen. Han voks opp på husmannsplassen Kleivi i Ofredal og tok lærarseminar i Balestrand i 1879.

Offerdahl konverterte til katolikk i 1880, og var utdanna katolsk prest frå læresete i Roma i 1891. Han virka i ulike prestestillingar i Tromsø og Oslo til han i 1930 vart vigsla til biskop av Selje. Offerdahl var 1897-1907 redaktør for det katolske vekebladet «St. Olaf».

Kleivi i Ofredal, der brørne Olav og Helge voks opp.

Kleivi i Ofredal, der brørne Olav og Helge voks opp.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.04.2011