Hopp til innhold
X
Innhald

Omstilling til nye tider

Årdal Metallverk i Øvre Årdal vinteren 2009. Rivinga av Å3 - med dei gamle Søderberg-omnane som vart stansa i 2008 - er godt i gang. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Årdal Metallverk i Øvre Årdal vinteren 2009. Rivinga av Å3 - med dei gamle Søderberg-omnane som vart stansa i 2008 - er godt i gang. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Utover 1990-talet kom det stendig sterkare signal frå Hydro-leiinga om at det gjekk mot ei nedtrapping av aluminiumprodudksjonen ved verka i Sogn.

Ut med Søderberg-anlegget

Verket i Høyanger var særleg utsett fordi ein der hadde mange eldre omnar, men også Årdal fekk merke nedskjeringane. Ei stund ottast Årdal at fleire hundre personar over natta kunne miste arbeidet når gamle Søderberg-omnar vart sløkte. Men så ille vart det ikkje, ikkje minst takka vere ein stor innsats for å finne dei ledige nytt arbeid.

Mykje til omstilling

Både Årdal kommune, fylkeskommunen og Hydro har engasjert seg sterkt for å skape nye arbeidsplassar i byte for dei som går tapt i omnshallane. Hydro har sett av 800 millionar kroner til omstilling ved metallverka sine på Vestlandet, og hundretals millionar av desse midlane går til Årdal.

Først vonbrot, så to nye bein å stå på

Men ikkje alt har gått rette vegen: I 2005 var Hydro aktivt med for å få skipe 250 nye arbeidsplassar i ein solcellefabrikk som selskapet ScanWafer på Årdalstangen, men ScanWafer trekte seg. Til all lukke kom ein ny solcellefabrikk - NorSun AS og ein dørfabrikk - sjå Dørfabrikanten Dooria AS - inn i staden.

Dørfabrikken Dooria på Årdalstangen under bygging i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dørfabrikken Dooria på Årdalstangen under bygging i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 2006 investerte Hydro Aluminium 200 millionar kroner i Teknologisenter Årdal - ATA, som er konsernet sitt forskingsenter for utvikling og prøving av ny teknologi for aluminiumproduksjon. Senteret sysselset 70 personar i 2006. Fleire Hydro-eigde verk i utlandet byggjer på teknologi som er utvikla av forskarane i Øvre Årdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.04.2011