Hopp til innhold
X
Innhald

Øvre Årdal fekk veg til fjorden

Øvre Årdal i 1946. Vi ser ein bit av vegen til Årdalstangen på Rausnes til venstre i biletet. Vegen vart opna i 1942. Foto: Normann. Eigar: Årdal Sogelag.

Øvre Årdal i 1946. Vi ser ein bit av vegen til Årdalstangen på Rausnes til venstre i biletet. Vegen vart opna i 1942. Foto: Normann. Eigar: Årdal Sogelag.

Vegen Årdalstangen - Øvre Årdal vart opna i 1942. Vegarbeidet starta som naudsarbeid i 1934. A/S Tyinfaldene forskotterte, og ytte i 1938 også 100.000 kroner i tilskot til bygging av vegen.

Frå arbeidet med vegen mellom Årdalstangen og Øvre Årdal i 1942. Biletet er teke ved Midnes. Foto frå arkivet til Hydro Aluminium.

Frå arbeidet med vegen mellom Årdalstangen og Øvre Årdal i 1942. Biletet er teke ved Midnes. Foto frå arkivet til Hydro Aluminium.

I krigsåra var det naziselskapet A/S Nordag som forskotterte vegbygginga. Det arbeidde opptil 500 mann på veganlegget. Vegen hadde høg prioritet hjå okkupasjonsmakta som bygde krigsindustri i Øvre Årdal. Den lengste tunnelen på den nyopna vegen i 1942 var Steiggjatunnelen på 800 meter.

Årdal kommune og verket har ført ein samanhengande kamp for å få Statens Vegvesen til å utbetre vegen mellom Øvre Årdal og Årdalstangen. Dette biletet vart teke på Loi i 1961 for å vise kor trongt det var når ein buss og ein verksbil møttest. Foto: Verksposten. Eigar: Årdal Sogelag.

I 1948 vart vegen øydelagd av ras ved Steiggjetunnelen, og vegen var stengd i omlag eit halvt år. I mellomtida måtte tungtransporten til og frå verket i Øvre Årdal gå med lekterar på Årdalsvatnet.

Midnestunnelen på 1240 meter erstattar tre kortare tunnelar der det ofte gjekk steinsprang mellom tunnelane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Midnestunnelen på 1240 meter erstattar tre kortare tunnelar der det ofte gjekk steinsprang mellom tunnelane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Steiggjetunnelen på vegen mellom Øvre Årdal og Årdalstangen er forlenga i begge endane på grunn av ras og rasfare. Den første tunnelen kom ut i Steiggjeberget i bakgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Steiggjetunnelen er seinare erstatta med ein ny tunnel på 1585 meter, og elles er vegen mellom Tangen og Øvre utbetra og rassikra med Midnestunnelen på 1240 meter og Naustbukttunnelen med 1282 meter. Naustbukttunnelen vart i 2008 forlenga med 590 meter slik at vegen skal verte meir rassikker.

I mars 2009 opna fylkesordførar Nils R. Sandal den forlenga Naustbukttunnelen som gjer det langt tryggare å ferdast mellom Øvre Årdal og Årdalstangen.

I mars 2009 opna fylkesordførar Nils R. Sandal den forlenga Naustbukttunnelen som gjer det langt tryggare å ferdast mellom Øvre Årdal og Årdalstangen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 02.05.2011