Hopp til innhold
X
Innhald

Øvre Årdal Samvirkelag

Coop Mega i Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Coop Mega i Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Øvre Årdal Samvirkelag vart skipa i 1928. Dei første åra dreiv forretninga i leigde lokale, men flytta i 1937 inn i nybygg.

Forretninga utvikla seg raskt til den største i Årdal, og hadde på 1950-talet kring 20 tilsette, og dreiv både bakeri, konditori og pølsemakeri. I tillegg har det vore kafedrift i andre etasje i forretningsbygget. Kafeen heitte i mange år Samhold, seinare vart namnet Torgloftet.

Daglegvareavdelinga var ein av dei første butikkane i Sogn og Fjordane som la om til sjølvbetjening tidleg på 1950-talet.

Samvirkelaga i Årdal slo seg etter ei tid saman, og vart i 1999 slege saman med Voss Samvirkelag. I 2000 slo Årdal og Voss seg saman med Sogn Samvirkelag i Coop Mega Indre Vestland. I 2003 vart byggjevareavdelinga seld til firmaet Bygget AS, eigd m.a. av Svein Hestetun.

I forretningsbygget til Coop i Øvre Årdal låg og kaféen Torgloftet, tidlegare var namnet Samhold. Frå 2013 vart Samhold-namnet teke i bruk att på ein pub som nye eigarar opna. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I forretningsbygget til Coop i Øvre Årdal låg og kaféen Torgloftet, tidlegare var namnet Samhold. Frå 2013 vart Samhold-namnet teke i bruk att på ein pub som nye eigarar opna. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Inn i Coop Vest

Men etter store økonomiske problem vart Coop Mega Indre Vestland i 2004 delt: Forretningane i Sogn og Fjordane, med unntak av Flåm, vart lagde under Coop Sogn og Fjordane, medan dei øvrige fem gjekk inn i Coop Hordaland. I 2007 vart Coop Sogn og Fjordane slege saman med Coop NorSunn som dekte Nordfjord og søre Sunnmøre. Den nye eininga heiter Coop Vest og har hovudkontor i Førde. Forretninga i Øvre fekk då namnet Coop Mega Øvre Årdal.

Årdalsenteret

I 2013 bygde Coop eit nytt stort forretningsbygg på tomta etter Årdal Hotell med namnet Årdalsenteret. Det er på 6300 kvadratmeter, kosta 100 millionar kroner og inneheld i tillegg til ein Coop Extra-butikk 12 andre forretningar, ein kafé og ni husvære.

Det gamle samvirkebygget vart selt til Årdal Eigedom AS. Dei opna m.a. pub i dei tidlegare kafélokala til Torgloftet og tok opp att det opphavelege namnet, Samhold.

Årdalsenteret med Coop Extra vart opna 15. novembver 2013. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Årdalsenteret med Coop Extra vart opna 15. novembver 2013. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.11.2013