Hopp til innhold
X
Innhald

Per Hillestad

Per Hillestad. Privat foto.

Per Hillestad. Privat foto.

Per Hillestad, fødd 1959 i Øvre Årdal. Musikar. Stifta «supergruppa» Lava i 1977 saman med Kjell Hestetun, Stein Eriksen og Svein Dag Hauge. Lava gav frå 1980 ut fleire album som fekk svært gode kritikkar.

Lava vart tildelt Spellemannsprisen i 1984 for albumet «Fire», og har vore nominert til prisen fleire gonger. Lava har m.a. turnert saman med vokalisten Randy Crawford i Australia, Asia og Afrika.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.04.2011