Hopp til innhold
X
Innhald

Per Klingenberg Hestetun

Per Klingenberg Hestetun.

Per Klingenberg Hestetun.

Per Klingenberg Hestetun (1877-1928) frå Øvre Årdal. Bonde og Venstre-politikar. Ordførar i Årdal 1908-1920 og 1923-1926.

Han stod sentralt i arbeidet med å sikre Årdal kommune gode vilkår i samband med konsesjonssaka kring reguleringa av Tyin-vassdraget i 1908, og seinare for å sikre bygda støtte frå Staten og utbyggingsselskapet då nedgangstidene sette inn på 1920-talet.

Hestetun tok initiativet til skiping av Årdal Sparebank i 1907.

Han engasjerte seg sterkt i innføring av nynorsk i skuleverket og den kommunale forvaltninga.

Vararepresentant på Stortinget 1919-1921, og fast representant frå 1925 til 11. september 1928, då han fall utfor eit berg på heimegarden og omkom.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.04.2011