Hopp til innhold
X
Innhald

Politisk utvikling i Årdal

Tyskarbrakka som husa kommuneadministrasjonen fram til 1955. Foto: Verksposten. © Årdal Sogelag.

Tyskarbrakka som husa kommuneadministrasjonen fram til 1955. Foto: Verksposten. © Årdal Sogelag.

Som i dei fleste bygder i fylket, var Venstre det dominerande partiet i Årdal fram til Tyin-anlegga starta frå 1910.
Mangeårig ordførar og seinare stortingsmann Per Klingenberg Hestetun var ein god stemmesankar for Venstre i tida frå 1908 og utover.

Tyin-anlegga gav arbeid til meir enn 200 mann. Mange av desse var tilreisande anleggsbusar som bar med seg radikale idear. I 1916 skipa Peder Jakobsen frå Røros Øvre Årdal Arbeiderforening, som raskt vart ei politisk kraft i bygda. Ved stortingsvala mellom 1915 og 1927 veksla Venstre og Arbeidarpartiet om å sanke flest røyster i Årdal.

Arbeidarpartiet dominerande

Sidan 1930 har Arbeidarpartiet vore største partiet. Etter 2. verdskrig har Arbeidarpartiet hatt reint fleirtal ved alle kommuneval med unntak av 1955. Ved kløyvinga av den norske arbeidarrørsla i 1923 vart Øvre Aardal Kommunistlag skipa med Ivar Sterri frå Hafslo som formann. Laget hadde 33 medlemer i 1924. Sterri gjekk seinare tilbake til Arbeidarpartiet og var ordførar frå 1946 til 1955.

Rådhuset på Årdalstangen stod klart i 1955. Foto: Verksposten. Eigar: Årdal Sogelag.

Rådhuset på Årdalstangen stod klart i 1955. Foto: Verksposten. Eigar: Årdal Sogelag.

Men sjølv om kommunen hadde markerte Venstre-folk og aktive arbeidarlag, vart det ikkje stilt partipolitiske lister ved kommunevala før i 1934. Vala før den tid var prega av konkurransen mellom bygdelister frå øvre og nedre, og mellom lister med borgarlege kandidatar på den eine sida og liste med arbeidarar og husmenn på den andre. Ei slik husmanns- og arbeidarliste fekk reint fleirtal i 1928, og sidan har Årdal kommune vore «arbeidarstyrt».

1. mai-toget i Øvre Årdal i 1995. Foto: Bernt Baltzersen, NRK.

1. mai-toget i Øvre Årdal i 1995. Foto: Bernt Baltzersen, NRK.

Sterkt også i fylket

Også i fylkessamanheng har Årdal Arbeidarparti vore ein sentral maktfaktor. Som det klårt største lokallaget har årdølene i heile etterkrigstida hatt avgjerande innverknad på Arbeidarparti-nominasjonen ved stortingsval. Årdal Arbeidarparti har også hatt mange av fylkesleiarane i same periode.

I Årdal var det fleirtal for norsk EU-medlemskap ved folkerøystingane både i 1972 og 1994.

Les også om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.04.2011