Hopp til innhold
X
Innhald

Post i Årdal

Postskiltet heng framleis på husveggen i Indre Ofredal. Kontoret vart lagt ned i 1989. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Postskiltet heng framleis på husveggen i Indre Ofredal. Kontoret vart lagt ned i 1989. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Postlevering til Årdal Koparverk

Dei første organiserte postrutene i Noreg starta i 1647 med postruta Oslo-Bergen over Filefjell og Lærdal. Årdal Koparverk fekk eiga avgreining av postruta Oslo-Bergen då koparverket starta i 1702. Utanom militære og andre embetsmenn vart koparverket i Øvre Årdal såleis den første ”sivile institusjonen” i Sogn og Fjordane som fekk eiga postteneste – men så var då også koparverket eigd av kongen i København.

Det første postopneriet i Årdal kom på Årdalstangen i 1867. Dette biletet er teke i 1955. Foto: Willy Lund Johansen. Eigar: Årdal Sogelag.

Det første postopneriet i Årdal kom på Årdalstangen i 1867. Dette biletet er teke i 1955. Foto: Willy Lund Johansen. Eigar: Årdal Sogelag.

Årdalstangen

fekk postopneri i 1867 med lensmann Roar Henriksen Spangelo som første styrar. Heilt fram til 1921 var det lensmennene som var postopnarar. Adressa var Aardal i Sogn fram til 1917 då skrivemåten vart endra til Årdal i Sogn. Sidan 1919 har adressa vore Årdalstangen. I 1973 vart det underpostkontor og frå 1974 postkontor B.

Aardal i Sogn

– sjå Årdalstangen.

Postkontoret i Naddvik var på garden Natvik eller Viki som den heiter i daglegtale. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Postkontoret i Naddvik var på garden Natvik eller Viki som den heiter i daglegtale. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Naddvik

fekk postopneri i 1889 med dampskipsekspeditør Jan Dahl Hovland som første styrar. Fram til 1899 var adressa Natviken, frå 1899 til 1921 Natviken i Sogn då adressa vart Naddvik. I 1973 vart det underpostkontor, i 1977 postkontor C, og det vart lagt ned og innordna under Årdalstangen i 1981.

Natviken i Sogn

– sjå Naddvik.

Ofredal

fekk postopneri i 1891 med gardbrukar Endre Sjursson Offerdal som første styrar. Postopneriet hadde adresse Offerdal fram til 1891 då den vart endra til Ofredal. I 1973 vart kontoret underpostkontor, i 1977 postkontor C, og det vart lagt ned og innordna under Årdalstangen i 1989.

Offerdal

– sjå Ofredal.

Øvre Årdal fekk postkontor i 1893, med andre ord etter Ofredal. Dette biletet er teke i 1934. Foto: Wilse.

Øvre Årdal fekk postkontor i 1893, med andre ord etter Ofredal. Dette biletet er teke i 1934. Foto: Wilse.

Øvre Årdal

fekk postopneri med adresse Øvre Aardal i Sogn i 1893, og lærar Ole Pedersson Hæreid vart første styrar. I 1937 vart adressa endra til Øvre-Årdal, og sidan 1965 har adressa vorte skriven Øvre Årdal – utan bindestrek.

Øvre Aardal i Sogn

– sjå Øvre Årdal.

Seimsdal

fekk brevhus i 1907. Det var omgjort til postopneri i 1925 med sersjant og tidlegare brevhusstyrar Mathias N. Asperheim som første styrar. Postopneriet vart lagt ned i 1969 og innordna under Årdalstangen.

Seimsdal hadde postkontor frå 1907 til 1969. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Seimsdal hadde postkontor frå 1907 til 1969. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.04.2011