Hopp til innhold
X
Innhald

Real Møbler

Møbelforretninga held til i forretningsbygget til Sogn Næringshage. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Møbelforretninga held til i forretningsbygget til Sogn Næringshage. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Real Møbler møbelforretning i Øvre Årdal vart starta i 1994 av Alf Roger Voll Lereng (sjå også Indre SognBil AS) og Frank Roger Eldegard. Heilt frå starten hadde dei innkjøpssamarbeid med Idé-kjeda som vart leia frå Leira i Valdres. Idé-kjeden har etter kvart utvikla seg til den store Bohus-kjeda.

I 2000 selde Lereng og Eldegard Real Møbler til Kjell Andersen som i dag driv Byggmakker-forretninga i Øvre Årdal.

Møbel-konsernet på Leira tok over møbelbutikken i Øvre Årdal i 2001 og dreiv den fram til 2006. Det året bygde Bohus eit stor møbelvarehus for indre Sogn på Kaupangerskogen, og la samstundes ned møbelutsalet i Årdal.

I Øvre Årdal heldt dei fram med butikk for det øvrige vareutvalet til Bohus-kjeda under firmanamnet Årdal Interiør AS.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.04.2011