Hopp til innhold
X
Innhald

Reiselivsverksemder i Årdal

Klingenberg Hotel på Årdalstangen har lange tradisjonar. Dette er den gamle hotellbygningen på slutten av 1950-talet, kort tid før den vart riven, og det vart bygt nytt hotell. Foto: Verksposten, eigar Årdal Sogelag.

Klingenberg Hotel på Årdalstangen har lange tradisjonar. Dette er den gamle hotellbygningen på slutten av 1950-talet, kort tid før den vart riven, og det vart bygt nytt hotell. Foto: Verksposten, eigar Årdal Sogelag.

Peder Anderson Rønnei

(1674-1739) var den første som etablerte seg som kremmar og gjestgjevar i det nye gruvesamfunnet kring Årdal koparverk tidleg på 1700-talet. Sonen Vilken Pederson tok over drifta då faren døydde, men måtte gje seg etter kort tid fordi gruvedrifta vart lagt ned.

Kremmarar og gjestgjevarar på Årdalstangen

Det var folk frå dei store og rike slektene i indre Sogn som dreiv handel på Årdalstangen på 1600- og 1700-talet. Slektsnamn som Nagel, Døsen, Ørbech, Teiste, Svabo og Lem går att.

Klingenberg Hotel

Jens Klingenberg d.e. starta gjestgiveri og skysstasjon på Årdalstangen i 1860. Han vart kalla Store-Jens Klingenberg, og var m.a. mykje nytta som kjentmann for dei første fjellturistane.

Klingenbergs Hotel

- sjå Klingenberg Hotel.

Dahls Hotell

Dahls Hotell på Årdalstangen vart starta i 1909 av Jakob Dahl i det såkalla «Tangenhuset».

Tangen Pensjonat

- sjå Dahls Hotell.

Vetti gard. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vetti gard. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vetti gard

Vetti gard

i Utladalen har heilt sidan midten av 1800-talet teke imot fjellturistar, og bøndene på garden har i fleire generasjonar vore dyktige fjellførarar.

Aardal Hotel

i Øvre Årdal vart starta ca. 1920.

Hegges Hotell

- sjå Aardal Hotel.

Årdal Hotell

- sjå Aardal Hotel.

Farnes Hotell før det vart rive i 1994. Foto: Anders Einan, eigar Årdal Sogelag.

Farnes Hotell før det vart rive i 1994. Foto: Anders Einan, eigar Årdal Sogelag.

Årdalsstova

- sjå Aardal Hotel.

Farnes Hotell

i Øvre Årdal vart starta ca. 1920 av Synnøve Midtun. Hotellet hadde kring 20 senger, og vart drive til ca. 1950 av Synnøve sine døtre Emma og Anna Midtun. Hotellbygningen vart riven i 1994.

På Vee gard var det ei kort tid hotelldrift. Foto av måleri på Vee gard. Eigar: Ole Vee.

På Vee gard var det ei kort tid hotelldrift. Foto av måleri på Vee gard. Eigar: Ole Vee.

Vee Hotell

vart drive ei kort tid på 1920-talet på garden Ve i Øvre Årdal av Olav Ørbech Vee. Etter å ha selt fallrettar i Tya og store tomteareal til Tyinfaldene, bygde faren Ola eit tre-etasjes hus på garden. Det var i dette huset at Vee Hotell heldt til og kunne huse vel 10 gjester.

Ungdomsheimen

i Øvre Årdal vart bygd av Sogn krins av NKUF i 1955.

Sitla Hotell

- sjå Ungdomsheimen.

NAF Campingplass

på Årdalstangen vart starta på 1960-talet.

Årdalstangen Feriepark

- sjå NAF Campingplass.

Utladalen Camping. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Utladalen Camping. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Utladalen Camping

Utladalen Camping vart skipa i 1981 av Karl Høgmo med fleire. I 2006 overtok Tom Høvik frå Drammen som eigar. I 2014 vart campingplassen seld vidare til Kristoffer Nystedt. Campingsplassen hadde i 2006 14 hytter og 40 teltplassar

Ingjerdbu

turisthytte på Vettismorki - sjå Utladalen landskapsvernområde.

Ingjerdbu. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ingjerdbu. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les meir om industri og næring i Årdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.06.2015