Hopp til innhold
X
Innhald

Samferdsle i Årdal

Frå toppen av Heirsnosi ca. 1950, 1000 meter over Øvre Årdal og Årdalsvatnet. Foto: Normann Kunstforlag.

Frå toppen av Heirsnosi ca. 1950, 1000 meter over Øvre Årdal og Årdalsvatnet. Foto: Normann Kunstforlag.

Samferdsla i Årdal har vore prega av at industrikommunen måtte vente heilt til 1992 før den fekk låglands vegsamband med omverda. Fram til då var årdølene avhengige av ein ferjetur på nærmare halvannan time for å kome ut til eige fylke.

Driftevegar og saltvegar

Frå gamalt av var det ferdsle- og driftevegar over fjella både mot nord og aust.

Transport til Årdal Koparverk

Årdal Koparverk som var i drift i Øvre Årdal frå 1702 og i vel 50 år, hadde eigne føringsbåtar for m.a. trekôl over Årdalsvatnet.

Årdøler på pliktarbeid

Årdølene hadde frå gamalt av plikt på seg til å halde visse strekningar av Kongevegen over Filefjell og ned til Lærdalsøyri ved like.

Riksveg 53 er innfallsporten til Årdal, her frå aust på fylkesgrensa til Oppland på Tyinosen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Riksveg 53 er innfallsporten til Årdal, her frå aust på fylkesgrensa til Oppland på Tyinosen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Køyrevegar i Årdal

Fram til vegen Øvre Årdal-Tyin over Heirsnosi vart opna i 1934 måtte årdølene ta beina fatt eller bruke båt på fjorden for å kome seg ut av kommunen.

Skysstasjon på Tangen

Jens Klingenberg Prestegård på Årdalstangen vart skysstasjonshaldar i 1890. Han hadde plikt til å skaffe skyss til ferdafolk på Årdalsvatnet og på Sognefjorden. han heldt to seksæringsbåtar - kvar med tre rorskarar.

Bussar frå Årdal Billag oppstilte utanfor Kilodden messe på Årdalstangen i samband med innviinga av dei nye produksjonshallane Å2 i 1959. Foto: Verksposten. Eigar: Årdal Sogelag.

Bussar frå Årdal Billag oppstilte utanfor Kilodden messe på Årdalstangen i samband med innviinga av dei nye produksjonshallane Å2 i 1959. Foto: Verksposten. Eigar: Årdal Sogelag.

A/S Årdal Billag

A/S Årdal Billag vart skipa i 1934 med kommunen som hovudaksjonær. Billaget tok seg av trafikken lokalt i Årdal og rutene over fjellet mot Tyin og Valdres, og hadde også drosjer. Billaget dreiv også verkstad og bygde rutebilstasjon.

Fjord1 Sogn Billag

- sjå A/S Årdal Billag.

Ei kort tid gjekk det tog mellom Årdalstangen og Øvre Årdal. Her ser vi jernbanesporet og vegen side ved side nedst i Geithusbakken i 1943. Ukjend fotograf. Eigar: Årdal Sogelag.

Ei kort tid gjekk det tog mellom Årdalstangen og Øvre Årdal. Her ser vi jernbanesporet og vegen side ved side nedst i Geithusbakken i 1943. Ukjend fotograf. Eigar: Årdal Sogelag.

Jernbana Tangen-Øvre Årdal

Tyskarane bygde også jernbane langs vegtraséen frå Tangen til Øvre Årdal.

Ferdsla på fjorden og vatnet

Årdalstangen fekk dampskipssamband i 1869, 11 år etter at Fylkesbaatane starta rutene sine.

Etter 1996 har Årdal vore utan båt- og ferjeruter. Men då dette biletet vart teke, i 1936, var ferdsla på fjorden den einaste livsnerven det meste av året. Vi ser DS ”Nordfjord I” fotografert frå turistskipet ”Arandora Star”.  På denne tida var vegen mellom Årdal og Tyin ein stor turistattraksjon.  Turistskipa sette passasjerane i land i Lærdal, og så vart dei frakta i bilar over fjellet til Årdal. Eigar av foto: Fjord1 Fylkesbaatane.

Post i Årdal

Årdal Koparverk fekk eiga avgreining av postruta Oslo-Bergen då verket starta i 1702. Årdalstangen fekk postopneri i 1867.

Telefon i Årdal

Medan nabobygda Lærdal vart knytt til telegrafnettet aust-vest i 1858 (sjå Telegraf til Lærdal i 1858), skulle det gå lang tid før Årdal fekk telefonsamband. Kommunestyret søkte i 1896 om telefonline frå Lærdal til bygdene i Årdal. I 1901 vart lina Lærdal-Naddvik bygd.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 13.04.2011